Etterlyser CO2 fond
HELLER GULROT: Tore Roaldsnes vil at finansminister Siv Jensen innfører CO2-fond som eit alternativ om ho vil auke avgifter på CO2-utslepp. 
Nytt

Etterlyser CO2-fond

Fiskebåtreiar Tore Roaldsnes vil ha CO2-fond i staden for aukande CO2-avgifter i framtida.

03.06.2015
Erfaringane frå NOx-fondet er så gode at modellen bør kopierast for å redusere CO2-utsleppa, som eit alternativ til å auke CO2-avgiftene framover, meiner Roaldsnes.
NOx-fondet er eit samarbeidprosjekt der deltakarane får redusert NOx-avgift i bytte mot tiltak som fører til reduserte NOx-utslepp på skip og riggar.

Hittil har fondet gitt tilskot eller tilsagn om tilskot for 4,7 milliardar kroner, og har ytterlagare 1,5 milliarder å dele ut innan 2017.

Heller gulrot enn pisk

Hadde det ikkje vore for NOx-fondet ville investeringane i tiltak for å få ned NOx-utsleppa i beste fall kome på eit seinare tidspunkt, meiner Roaldsnes. Det gir langt betre verknad å lokke med avgiftskutt for den som investerer i klimavennlege tiltak, i staden for å berre nøye seg med å legge ei avgift på utsleppa.

- Det er ein gammaldags modell, seier Roaldsnes.

Kutte forbruk

Medan NOx-utsleppa (utslepp av nitrogenhaldige gassar) blant anna kan reduserast med renseteknologi er det tiltak som reduserer drivstofforbruket som nøkkelen til å få ned CO2-utsleppa.

Roaldsnes sjølv er i ferd med å test ut en ny trålar, med store propellar tilpassa tråling, for å få forbruket ned.

Publisert: 03.06.2015 06:03

Sist oppdatert: 20.03.2024 10:33

Mer om