Nytt
Etterlyser lettare kvardag for dei mindre bedriftene
Bedriftsleiarar i mindre bedrifter vil skape arbeidsplassar i staden for å bruke mykje tid på skjema og søknader.
16.08.2018
- Skilnaden er stor på å leie ei stor bedrift og ei lita bedrift. No er det på tide at kvardagen vert enklare for dei små- og mellomstore bedriftene.
- Vi må bruke mindre tid på å fylle ut skjema og søknader, og ikkje minst å vente på svar på søknader.
Rekdal har leia NHO sitt SMB-forum, og overrekte rapporten SMB-løftet til næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.
- Vi bør bruke tida på å innovere, utvikle oss og skape fleire arbeidsplassar, og politikarane må leggje til rette for at dette vert muleg, sa Rekdal.
Rekdal meinte at ikkje alle såg viktigheita av dei små- og mellomstore bedriftene.
- Desse bedriftene er utruleg viktige for norsk økonomi og for lokalsamfunna.
- Berre vår vesle bedrift i Sykkylven tilfører årleg 13 millionar kroner tilbake til fellesskapet.
- Det er utruleg viktig at vi skaper nye jobbar, ikkje minst fordi vi no ser at befolkninga vert eldre, utgiftene til helse og pensjon aukar, samstundes som at oljeinntektene går nedover.
- Difor er det essensielt at vi har ein politikk som legg til rette for at desse bedriftene får utvikle seg, sa Rekdal.
I SMB-løftet vert det foreslått ei lang rekkje tiltak, mellom anna å fjerne unødvendige reguleringar, styrka økonomiske insentiv i fagopplæringa, å sikre norske bedrifter tilgang til den europeiske marknaden gjennom EØS-avtalen og at formuesskatten på arbeidande kapital vert fasa ut.
Han var også samd i at det måtte gjerast fleire grep for å forenkle kvardagen for desse bedriftene.
- Det er i dei små og mellomstore bedriftene den store knoppskytinga skjer, det er her det vert skapt mest nye arbeidsplassar.
- For oss er forenkling ei hovedsak. Sidan 2011 er det forenkla for 15 milliardar kroner, men vi må gjere meir, sa Røe Isaksen.
- Vi har sett nytt mål om at vi innan 2020 skal forenkle bort ytterlegare ti milliardar kroner, og målet er at dette skal merkast i ei helt vanleg bedrift på ein vanleg onsdag, sa Røe Isaksen, som også etterlyste støtte frå andre parti for å få vekk ordninga med formuesskatt på arbeidande kapital.
- Vi må bruke mindre tid på å fylle ut skjema og søknader, og ikkje minst å vente på svar på søknader.
SMB-løftet
Dette slo administrerande direktør Karl-Inge Rekdal i Sykkylven Stål fast under småbedriftsdagen ved Arendalskonferansen.Rekdal har leia NHO sitt SMB-forum, og overrekte rapporten SMB-løftet til næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.
- Vi bør bruke tida på å innovere, utvikle oss og skape fleire arbeidsplassar, og politikarane må leggje til rette for at dette vert muleg, sa Rekdal.
- Utruleg viktige
Han viste til at 99 prosent av norske bedrifter har under 100 tilsette. Totalt har desse bedriftene ei verdiskaping på 700 milliardar kroner årleg, om lag det same som halve statsbudsjettet.Rekdal meinte at ikkje alle såg viktigheita av dei små- og mellomstore bedriftene.
- Desse bedriftene er utruleg viktige for norsk økonomi og for lokalsamfunna.
- Berre vår vesle bedrift i Sykkylven tilfører årleg 13 millionar kroner tilbake til fellesskapet.
Viktig for busetjing
Han meinte at desse mindre bedriftene ofte var avgjerande for at det budde folk i heile landet, og var ofte skilnaden på om ei bygd har livets rett - eller ei.- Det er utruleg viktig at vi skaper nye jobbar, ikkje minst fordi vi no ser at befolkninga vert eldre, utgiftene til helse og pensjon aukar, samstundes som at oljeinntektene går nedover.
- Difor er det essensielt at vi har ein politikk som legg til rette for at desse bedriftene får utvikle seg, sa Rekdal.
I SMB-løftet vert det foreslått ei lang rekkje tiltak, mellom anna å fjerne unødvendige reguleringar, styrka økonomiske insentiv i fagopplæringa, å sikre norske bedrifter tilgang til den europeiske marknaden gjennom EØS-avtalen og at formuesskatten på arbeidande kapital vert fasa ut.
Vil forenkle meir
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen Røe Isaksen var samd i at dei små og mellomstore bedriftene er viktigast for å skape nye arbeidsplassar.Han var også samd i at det måtte gjerast fleire grep for å forenkle kvardagen for desse bedriftene.
- Det er i dei små og mellomstore bedriftene den store knoppskytinga skjer, det er her det vert skapt mest nye arbeidsplassar.
- For oss er forenkling ei hovedsak. Sidan 2011 er det forenkla for 15 milliardar kroner, men vi må gjere meir, sa Røe Isaksen.
Plager i kvardagen
Han sa at det framleis er slik at det dukkar opp nye reglar, plager i kvardagen og byråkrati som gjer det vanskeleg.- Vi har sett nytt mål om at vi innan 2020 skal forenkle bort ytterlegare ti milliardar kroner, og målet er at dette skal merkast i ei helt vanleg bedrift på ein vanleg onsdag, sa Røe Isaksen, som også etterlyste støtte frå andre parti for å få vekk ordninga med formuesskatt på arbeidande kapital.
Vi bør bruke tida på å innovere, utvikle oss og skape fleire arbeidsplassar
Publisert: 16.08.2018 05:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25