På topp på 1950-talet vart det fiska 15 tusen tonn makrell i året i norske farvatn. Fisket etter den opptil over 700 kilo tunge og tre meter lange fisken var ei verdifull attåtnæring langs kysten, men kraftig overfiske gjorde slutt på den som kommersiell art i løpet av 1960-talet.
Først frå 2015 gjorde fisken comeback som kommersiell art i norske farvatn, mellom anna etter at det gjennom strenge reguleringar og kontrollar lukkast med å bygge bestanden opp igjen.
Det førebelse toppåret for norsk makrellstørjefangst etter comebacket var i 2020, med ein fangst på knappe 200 tonn.
Fiskar for lite
Problemet, sett frå fiskarane si side, er at dei aldri har greidd å fiske opp den norske kvoten etter at det vart opna for å fiske makrellstørje igjen.
Det er eit stort potensiale for auka verdiskaping i makrellstørjefisket, men for å lukkast er det naudsynt med eit tettare samarbeid mellom sentrale næringsaktørar i heile verdikjeda, forsking og forvaltning. Det seier forskar Leif Nøttestad ved Havforskingsinstituttet, i eit innlegg på konferansen Pelagisk Arena i Ålesund i dag.
Langsiktig satsing
Markus Nygård i fiskebåtreiarlaget Nybonia i Midsund seier selskapet starta makrellstørjefiske i 2024 og jobbar med å få lønsemda opp dit selskapet meiner den bør vere.
Det første året var det godt fiske, men relativt låge prisar. I fjor var det omvendt.
Det er snakk om ei langsiktig satsing, seier Nygård. Når det treårige løyvet til å fiske makrellstørje går ut i år er planen at reiarlaget har fått ei nytt løyve til vidare fiske.
– Vi må vere langsiktige, seier Nygård.
Satsa på line
Fiske med not er framleis den vanlegaste metoden i dette fisket men Nybonia har satsa på linefisket fordi selskapet vurderer at det gir betre kvalitet og dermed betre pris.
Fisken blir sløyd og hovudkappa ombord og frakta kjølt i fly for bli seld på fiskemarknaden i Tokyo i Japan. Derhar selskapet fått mellom 60 og 450 kroner kiloen. I gjennomsnitt burde prisen vere over 200 kroner kiloen, men dessverre har den førebels litt for ofte vore seld til prisar næraste den lågaste prisen i staden for den høgaste.
Poenget med å vere langsiktig er mellom anna å bygge opp eit renommé, som er viktig i Japan.
Høgare potensiale
Gjennom Sunnmøre og Romsdal Fiskesalgslag (Surofi) vart det omsett 95 makrellstørjer i fjor. Prisane varierert frå 60 til 176 kroner kiloen, med ein gjennomsnittspris på 66,47 kroner kiloen.
– Potensialet er nok mykje høgare, seier salssjef Vidar Naalsund i Surofi i ein epost.
Publisert: 07.01.2026 15:52
Sist oppdatert: 07.01.2026 15:52






