NTB Be Vfw Voxgr A 1
PUNKTUM: EU set 2049 som sluttdato for langsiktige leveringskontraktar av gass. Omtrent all gassen som Noreg produserer, går til EU. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Nytt

EU set sluttdato for langsiktige gasskontraktar

Etterspurnaden av norsk gass kan falle framover.

(NPK-NTB-Bibiana Piene): EU kjøper 40 prosent av gassen unionen treng, frå Noreg. Men framover kan etterspurnaden falle dramatisk.

– Eg skal vere veldig klar: Det vil ikkje bli nokon langsiktige gasskontraktar etter 2049, slo klimasjef og visepresident i EU-kommisjonen Maros Sefcovic fast på eit møte om klima og energi i Brussel torsdag.

Fjerne barriere
Sluttdatoen går fram av den nye gass- og hydrogenmarknadspakken til EU, som no er inne i sluttforhandlingane mellom EU-parlamentet og EUs ministerråd.

Men sluttdatoen er partane allereie samde om, får NTB stadfesta.

Sjølve teksten i det nye direktivet lyder som følgjer: «Langsiktige kontraktar er ein viktig del av gassforsyninga til medlemslanda. Men dei bør ikkje vere ein barriere for fornybar energi og låg-karbongass (som hydrogen, journ.mrk.). Dette er grunnen til at kontraktar for fossil gass ikkje kan vare lenger enn til 2049.»

Trur på gassframtid
EU har også vedteke at gassforbruket skal ned med 30 prosent innan 2030.

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) meiner norsk gass har ei framtid – også etter 2049.

– Det er jo ikkje sagt at det ikkje skal vere bruk av gass etter 2049, seier han til NTB.

Aasland ser mellom anna for seg at norsk gass kan brukast til å lage blått hydrogen, der utsleppa blir fjerna gjennom karbonfangst- og lagring.

– Det kan vere ei av løysingane, ja, seier han.

Satsar på grønt hydrogen
Planen om å bruke gass til å lage blått hydrogen kan likevel få uventa motstand. I den nye gassmarknadspakken går det nemleg også fram at EU etter 2030 først og fremst vil satse på grønt hydrogen, produsert med fornybar kraft, og ikkje blått.

Men Aasland trekkjer også fram at mykje industri framleis vil ha behov for gass etter 2050.

– Det gjeld særleg i den delen av industrisektoren der det er vanskeleg å finne alternativ. Då blir det gass med karbonfangst- og lagring som blir løysinga, seier han.

Sjølv om langtidskontraktane blir fjerna, kan gassen som Noreg produserer, seljast på den europeiske spotmarknaden.

Krev leitestans
Miljørørsla meiner at konsekvensen av sluttdatoen i EU må vere stans i leitinga etter nye gassfelt.

– At EU no konkretiserer politikken sin, er endå ein grunn til at Noreg må slutte å leite. Vi kan ikkje investere i ein marknad som vil forsvinne. Her gir Europa klar beskjed, seier leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet til NTB.

Han peikar på at frå eit nytt felt er oppdaga, går det gjerne 15–20 år før feltet er i drift. Då har ein allereie komme svært nær sluttdatoen.

– Det gir ikkje mykje meining i å planleggje for felt som skal levere etter den datoen, seier Gulowsen.

Arild Hermstad i MDG er like klar.

– Dette viser at EU gjer det dei kan for å komme seg over i ei fornybar framtid. Den olje- og gassektoren vi har i Noreg i dag, har ein utløpsdato. Og den byrjar å nærme seg, seier han.

Fase ut subsidiar
EU vil også fase ut subsidiar til fossile brensel. Nyleg bad EUs klimakommissær Wopke Hoekstra medlemslanda i EU om snarast å leggje planar for korleis denne utfasinga skal skje.

Kravet kom i slutten av oktober, same dagen som ein rapport viste at subsidieringa av fossile brensel i EU-landa meir enn dobla seg frå 56 milliardar euro i 2021 til 123 milliardar euro, om lag 1.450 milliardar kroner, i 2022.

– Subsidiering av fossile brensel er anakronistisk og til lite hjelp for det grøne energiskiftet, sa Hoekstra.

Publisert: 17.11.2023 07:56

Sist oppdatert: 17.11.2023 12:52