Lasteskip nødmelding foto redningshelikopter hrs sør norge 11
EVAKUERT: Fleire fartøy og redningshelikopter blei sette inn for å sikre evakueringa frå lasteskipet. Foto: HRS Sør-Norge
Nytt

Sjå video: Evakuerte frå lasteskip

Nederlandsk lasteskip er no forlatt. Fare for at det vil kantre.

Marius Rosbach
05.04.2021

Først vart åtte av eit mannskap på 12 personar evakuerte frå eit lasteskip med redningshelikopter til land måndag.

Deretter vart resten av mannskapet henta med helikopter, og skipet er no forlatt, opplyser Hovudredningssentralen for Sør-Norge.

Lasteskipet sende ut nødmelding då det var kring 60 nautiske mil vest av Ålesund. Last om bord skal ha forskjøve seg og fartøyet opplyste om ei slagside på kring 30 grader, melde Hovudredningssentralen for Sør-Norge på Twitter.

Fire personar var måndag ettermiddag att på lasteskipet for å stabilisere fartøyet, men vart seinare henta ettersom kapteinen vurderte det som farleg å vere om bord.

Sjå video frå aksjonen under (HRS Sør-Norge på Youtube)

Dei evakuerte blei brakte til Giske der dei vart tatt hand om at krisetemaet i kommunen. Dei første åtte var i god fysisk form, ifølgje ei melding på kommunen si heimeside. Seinare er det opplyst at ein av mannskapet er send til sjukehus.

Fartøyet er det nederlandskeigde «Eemslift Hendrika» bygd i 2015, som var på veg frå Bremerhaven til Kolvereid, ifølgje AIS-sporinga.

Kystverket opplyser at det er 353 kubikk råolje, 75 kubikk diesel og 10 kubikk smøreolje om bord.

Kystverket har bede reiarlaget raskt om å kome opp med ein plan for den vidare handteringa av skipet.

Det går no på autopilot, med rundt 2-3 knops fart. Fiskebåten Veststeinen held seg ved det nederlandske fartøyet.

Til VG vert det opplyst at lasten på dekk er intakt, der det står fleire båtar. Derimot er det thrusterar under dekk som har forskyvd seg, og er årsak til slagsida.

Publisert: 05.04.2021 15:02

Sist oppdatert: 06.04.2021 04:09

Mer om