Brann vigra foto mr 110 sentral
VIGRA: Brann i lagerbygg på Roald i morgontimane måndag. Foto: 110-sentralen for Møre og Romsdal
Nytt

Evakuerte etter brann i lagerbygg

Ingen er meldt skadd - men fare for eksplosjon.

Marius Rosbach
24.07.2023

(NPK-NTB): Fleire personar er evakuerte etter at det natt til måndag byrja å brenne i to lagerbygg på Roald på Vigra.

Det er ikkje meldt om skadde personar.

Politiet i Møre og Romsdal melde om brannen på Twitter klokka 4.20.

Politiet melde først at det brann i ein matstad på Roald, men opplyste seinare at det dreier seg om to lagerbygg. Ved 5.30-tida brann det framleis i bygningane.

Ifølgje politiet er det mykje røyk i området, og dei næraste bebuarane er evakuerte frå staden.

Operasjonsleiar Tor André Gram Franck i Møre og Romsdal politidistrikt seier til Sunnmørsposten at det er acetylenflasker i bygningane som brenn, og at dei difor har evakuert folk som bur i eit område 300 meter frå brannstaden.

– Eg har ikkje oversikt over kor mange som er evakuerte, men det er 46 adresser i området. Det er ikkje meldt om skadde personar. Vi har ikkje grunn til å tru at det er folk i bygningane som brenn. seier Franck.

Kommunen hjelper med å ta vare på dei evakuerte.

110-sentralen i Møre og Romsdal opplyser at dei har jobba med sløkking frå land og sjø. Dei har mellom anna fått bistand frå ein brannbil frå flyplassen på øya.

(©NPK)

Publisert: 24.07.2023 08:31

Sist oppdatert: 24.07.2023 08:52