Faar ansvaret for 70 skip
SHIPPING: Golden Kathrine er eitt av 70 skip som Birgitte Ringstad Vartdal no får hovudansvaret for. Dette skipet er 292 meter langt og 45 meter breidt, og vart bygt i 2015.
Nytt

Får ansvaret for 70 skip

Birgitte Ringstad Vartdal overtek toppleiarjobben i tørrlastreiarlaget Golden Ocean Management.

25.04.2016
- Dette er ein svært spennande jobb. Eg skal gjere mitt for å utvikle selskapet vidare.
Med oppvekst i Ålesund og familiebakgrunn frå Vartdal og Stranda, meiner Ringstad Vartdal at ho har god ballast for å arbeide innanfor skipsfart.
- Eg har vel dette litt i blodet, sjølv om det var fiskeri som far dreiv mest med, seier 39-åringen.
Faren er fiskebåtreiar Knut Vartdal, og mor Liv Ringstad Vartdal. Til liks med søstra Kristine eig Birgitte 49 prosent av familieselskapet Kvart Invest, der Knut Vartdal er styreleiar.

Fornøgd Fredriksen

Men no er det fullt fokus på Golden Ocean Management etter at selskapet måndag opplyste at mangeårig konsernsjef Herman Billuing går av, og vert erstatta av Birgitte Ringstad Vartdal.
- Eg er svært fornøgd med at Birgitte Vartdal rykker opp som konsernsjef og Per Heiberg som finansdirektør. Vartdal har vore finansdirektør i selskapet sidan 2011.
- Med ein moderne flåte, god finansiell situasjon og sterk organisasjon er Golden Ocean godt posisjonert til å dra nytte av ei betring i tørrbulkmarknaden, seier hovudaksjonær og styreleiar John Fredriksen, i .

Verdifall

Selskapet er no verd 1,2 milliardar kroner på Oslo Børs, etter å falle 25 prosent hittil i år, og 80 prosent siste året.
Birgitte Ringstad Vartdal er sivilingeniør i fysikk frå NTNU, som ho utvida med ein master i finansiell matematikk ved Heriott Watt University i Edinburgh.
Ho har hatt fleire leiarstillingar i ung alder, den første hos Thorvald Klaveness Group.

- Ein "krigar" å stole på

I 2012 vart ho i som ein av dei ti fremste leiartalenta på Austlandet.
Kollegaer av Ringstad Vartdal karakteriserte då henne som «ein krigar», ein som ein kan stole på i alle samanhengar, og dermed også den ein gjerne tek med seg inn i «krigen».
Ringstad Vartdal er også styreleiar i Sevan Drilling og medlem av generalforsamlinga i Statoil.
Ho har budd i Oslo sidan 2001.
Golden Ocean-aksjen stig vel to prosent på ein svak Oslo Børs etter leiarskiftet.

Eg har vel dette litt i blodet

Publisert: 25.04.2016 10:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:56