Faar auka krisestoette
OPTIMISTAR: Ørstingen Egil Olsen og Lizz frå Kvamsøya var mellom artistane som torsdag lanserte ei nyinnspeling og video av Jahn Teigen-låta «Optimist» i Ålesund. Prosjektet har gitt sårt tiltrengt inntekt for dei involverte. 
Nytt

Får auka krisestøtte

Regjeringa gir 200 millionar kroner meir til kulturlivet. 

20.11.2020
(NPK-NTB-NETT.NO Peter Tálos): Regjeringa set av ytterlegare 200 millionar kroner på toppen av summen på 900 millionar som skal brukast til koronastøtte for kulturlivet.
Bransjen er hardt råka som følgje av koronapandemien, og mange har fått avlyst stort sett alt av jobbar det siste halvåret.
Seinast torsdag i Ålesund i samband med ei nyinnspeling av Jahn Teigen-låta «Optimist».
Artisten Egil Olsen var mellom dei som deltok og han fryktar situasjonen er i ferd med å bli så vanskeleg for bransjen, at mange vil gi opp. Sjølv har han ikkje fått direkte støtte av krisetiltaka til no, men har fått stipend som bidreg noko i ei slunken artistkasse.
– Eg forsøker vere optimist, men det er ikkje så enkel, torsdag.

Lanserte endringar

Etter at koronasmitten har blussa opp på ny er situasjonen blitt forverre. Det er bakgrunnen for at kulturminister Abid Raja (V) fredag lanserte endringar i støtteordningane som regjeringa har etablert for kulturlivet.
Regjeringa aukar støttepotten som kulturbransjen kan søkje på frå 900 millionar til 1,1 milliard kroner.
Endringane inneber at støtta til stimuleringsordninga blir auka, men også kompensasjonsordninga for arrangement som må avlysast på grunn av auka smitte. I forslaget vil alle offentlege restriksjonar og smittevernomsyn bli tekne omsyn til som søkjargrunnlag, og ikkje berre statlege som tidlegare.
Raja opplyser at fristen for å kunne søkje støtte etter kompensasjonsordninga òg blir endra. Arrangørar kan no søkje om kompensasjon for arrangement som var planlagde før 5. november, i staden for frå 1. august som tidlegare.

– Vil stille opp

Pengane blir tekne frå ubrukte middel frå tidlegare periodar.
– Eg som kulturminister har ikkje tenkt å la koronaen ta knekken på kulturlivet, men eg vil stille opp så godt eg kan, seier Raja.
I det nysalderte budsjettet aukar regjeringa òg løyvingane til Kulturrådet, som tek seg av alle søknadene frå kulturlivet, med 6 millionar kroner for å auke kapasiteten til å behandle søknadene som kjem inn. Også Lotteri- og stiftelsestilsynet som tek seg av søknader frå idretten og det frivillige i Noreg, får styrkt kapasiteten sin til å behandle søknader med 4 millionar kroner.

Institusjonane får krisepengar

Regjeringa vil dessutan auke støtta med 60 millionar kroner til kulturinstitusjonane som har meir enn 60 prosent statsstøtte, og som derfor ikkje er del av dei andre støtteordningane. Fleire museum og scener for musikk og scenekunst, særleg i Oslo og Bergen, er ramma av høge smittetal og har måtta stengje dørene heilt.
Føresetnaden for denne støtta er at ingen tilsette blir permitterte, og at institusjonane kan bruke middel til alternativ publikumsretta aktivitet.
Kulturdepartementet har dessutan oppretta ei eiga uavhengig klagenemnd som skal handtere klagar på vedtak som går på saksbehandlinga for søknadene.

– Pengar må ut i tide

Virke kultur- og opplevingar er positive til pengane som skal setjast av til raskare saksbehandling for søkjarar.
– Det er bra at kulturministeren kjem med meir pengar når nye innstrammingar igjen rammar kultursektoren, men utfordringa han må løyse no, er å få pengane ut i tide. Der står det att eit godt stykke arbeid, og det hastar. Mange av medlemmene våre står på kanten av stupet no, og då held det ikkje med ein lovnad om pengar ein gong i framtida, seier leiar Rhiannon Hovden Edwards.

Les også:






(©NPK)
Det er bra at kulturministeren kjem med meir pengar når nye innstrammingar igjen rammar kultursektoren, men utfordringa han må løyse no, er å få pengane ut i tide

Publisert: 20.11.2020 15:42

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:43