Lakseoppdrett Vartdalsstranda foto Ogne
Ørsta kommune, der dette anlegget ligg, får 3,3 millionar kroner i tilskot frå Havbruksfondet i år. Aller mest får Kinn, Ålesund og Molde, Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Får betalt for meir oppdrett

Seks kommunar på Nordvestlandet får betalt for å opne opp for meir oppdrett. Sjå oversikt.

05.12.2023

Sanda, Rauma, Sykkylven, Ålesund, Molde og Kinn får kvar fem millionar kroner i ekstra tilskot frå Havbruksfondet i år for å ha klarert ny oppdrettsproduksjon i siste toårsperiode.

Den øvre grensa for slike tilskot er fem millionar og for dei tre kommunane Sande, Rauma og Sykkylven utgjer det storparten av tilskotet frå Havbruksfondet i 2023 (sjå tabell under).

Kinn er størst
Det offentlege Havbruksfondet fordelar pengar staten tek inn frå auksjonar av nye oppdrettskonsesjonar, produksjonsavgift frå oppdrettarane og statlege overføringar til fondet. 80 prosent av tilskota skal gå til kommunane, resten til fylkeskommunane.

Det er berre kommunar og fylke med oppdrettsanlegg som får tilskot, og tilskotet er først og fremst fordelt etter storleiken på oppdrettsverksenda i kvar kommune med ein eingongsbonus for å legge til rette for meir oppdrett på toppen.

Kinn er den klart største oppdrettskommunen på Nordvestlandet. Kommunen omfattar tidlegare Vågsøy i Nordfjord og Flora i Sunnfjord. På andreplass kjen bykommunane Molde og Ålesund (medrekna Haram).

Toårssyklus
Utbetalingane frå fondet svingar i ein toårssyklus. I partalsår legg staten ut nye oppdrettskonsesjonar på auksjon og då er difor utbetalingane høgast.

I fjor vart ikkje alle konsesjonar selde på auksjon fordi den varsla grunnrenteskatten gjorde at oppdrettsselskapa trekte seg på grunn av uvisse om storleik og vilkår for skatten.

Det gjorde at uselde konsesjonar vart selde i år, slik at inntektene til fondet vart høgare enn i eit vanleg oddetalsår. Det gjer at tilskotstala for oddetalsåra 2023 og 2021 ikkje er heilt samanliknbare

Oppdrettskommunane på Nordvestlandet
Utbetalingar frå Havbruksfondet. I mill. Kroner
2023 2022 2021
Kinn 25,6 53,2 17,6
Ålesund 11,8 17,9 3,4
Molde 11,8 15,2 4,8
Sande 6,6 0,4 0,7
Rauma 6,5 3,0 2,4
Sykkylven 5,9 2,3 0,0
Kristiansund 5,0 13,3 3,3
Vestnes 3,9 10,4 2,0
Volda 3,5 9,2 2,0
Ørsta 3,3 8,9 2,2
Vanylven 3,0 0,8 2,0
Stranda 2,6 6,9 7,1
Fjord 1,7 4,6 1,1
Giske 1,5 4,1 1,0
Herøy 1,1 3,0 0,7
Ulstein 0,6 1,7 0,4


Vestland 37,3 31,6 26,6
Møre og Romsdal 14,8 81,8 9,8
SUM 146,7 268,5 87,2

Publisert: 05.12.2023 14:10

Sist oppdatert: 05.12.2023 14:10

Mer om