Reiselivet sine organisasjonar og mange av bedriftene kjem no med varsko om situasjonen for bransjen. Dei siste dagane har NHO Reiseliv opplyst om dystre tal for korleis bedriftene ser på framtida.
Tysdag at mange allereie har sagt opp tilsette og at framtida var usikker for tilsette som no er ute i permisjon.
Han fortel at oppseiingar førebels ikkje har vore tema hos dei. Han har heller ikkje høyrt om andre hotell lokalt som har vore nøyd til å seie opp folk så langt.
– Hos oss ventar vi og ser kva regjeringa vil gjere. Vi har krevd 52 veker permitteringsperiode, opplyser Melsæter til NETT NO.
Klubbleiaren har sjølv høyrt statsminister Erna Solberg seie på ein konferanse i starten av juli, at om situasjonen var like ille i starten av august – så ville dei kome med tiltak.
Også NHO og LO er samde om kravet, og fryktar masseoppseiingar om perioden ikkje blir utvida. Erlend Wiborg (Frp) seier til nettstaden at dei vil gå inn for saka, om NHO og LO framleis meiner det er naudsynt.
Melsæter fortel at dei tilsette med dagens ordning kan vere permittert ut oktober.
– Eg trur regjeringa kjem med ei gradvis forlenging av perioden, fortel han.
– Den blei over all forventing med kjekke norske gjestar. Det var utruleg gøy, fortel hotelldirektør Benthe Langeland til NETT NO.
Etter fellesferien har uroa auka og styresmaktene kom før helga med fleire smittverntiltak som bremser gjenopninga av samfunnet. Etter planen skulle det opnast opp for arrangement med opptil 500 deltakarar frå 1. september.
Sjølv om Storfjord ikkje er mellom desse hotella, delar Langeland uroa i bransjen.
– Eg er bekymra for hausten. Vi treng gjestar heile veka, fortel ho.
Verken Hotel Alexandra-hotellet, Brosundet-hotellet eller Storfjord Hotel har planar om oppseiingar per i dag, men det kan bli aktuelt med nye permitteringar.
Framleis er mange permitterte i reiselivsnæringa. 40 prosent av bedriftene har permittert sine tilsette. 19 prosent har permittert 51 til 100 prosent av dei tilsette.
To tredelar av bedrifter opplyser at dei har færre bestillingar for september samanlikna med i fjor. 28 prosent har ingen bestillingar i oktober, som vanlegvis er ein travel månad for kurs- og konferansemarknaden.
Tysdag at mange allereie har sagt opp tilsette og at framtida var usikker for tilsette som no er ute i permisjon.
Oppseingar er ikkje tema
Magne Melsæter er klubbleiar ved Scandic Parken. Hotellet har flest tilsette i Ålesund-området med 90 tilsette til vanleg – og kring 120 medrekna ekstrahjelper.Han fortel at oppseiingar førebels ikkje har vore tema hos dei. Han har heller ikkje høyrt om andre hotell lokalt som har vore nøyd til å seie opp folk så langt.
– Hos oss ventar vi og ser kva regjeringa vil gjere. Vi har krevd 52 veker permitteringsperiode, opplyser Melsæter til NETT NO.
Klubbleiaren har sjølv høyrt statsminister Erna Solberg seie på ein konferanse i starten av juli, at om situasjonen var like ille i starten av august – så ville dei kome med tiltak.
Fleirtal på Stortinget
No kan fleire ting tyde på dei tilsette blir høyrt. skriv tysdag at det er fleirtal for ei slik endring i Stortinget, ettersom Frp står saman med resten av opposisjonen i spørsmålet.Også NHO og LO er samde om kravet, og fryktar masseoppseiingar om perioden ikkje blir utvida. Erlend Wiborg (Frp) seier til nettstaden at dei vil gå inn for saka, om NHO og LO framleis meiner det er naudsynt.
Melsæter fortel at dei tilsette med dagens ordning kan vere permittert ut oktober.
– Eg trur regjeringa kjem med ei gradvis forlenging av perioden, fortel han.
Les også:
Synspunkt:
Travel juli-månad
For mange i reiselivet har det vore travle veker medan mange nordmenn har vore på ferie. Både Hotel Alexandra i Stryn, Hotel Brosundet i Ålesund og Storfjord Hotel på Glomset er mellom dei som har hatt godt besøk i juli.– Den blei over all forventing med kjekke norske gjestar. Det var utruleg gøy, fortel hotelldirektør Benthe Langeland til NETT NO.
Etter fellesferien har uroa auka og styresmaktene kom før helga med fleire smittverntiltak som bremser gjenopninga av samfunnet. Etter planen skulle det opnast opp for arrangement med opptil 500 deltakarar frå 1. september.
– Treng gjestar heile veka
Per no blir restriksjonane mot å møtast fleire enn 200 menneske vidareført. Det betyr ein ekstra tøff haust for dei som er mest avhengige av større konferansar – som Scandic Parken.Sjølv om Storfjord ikkje er mellom desse hotella, delar Langeland uroa i bransjen.
– Eg er bekymra for hausten. Vi treng gjestar heile veka, fortel ho.
Verken Hotel Alexandra-hotellet, Brosundet-hotellet eller Storfjord Hotel har planar om oppseiingar per i dag, men det kan bli aktuelt med nye permitteringar.
Nær fire av ti planlegg oppseiingar
I ei undersøking som , svarar 37 prosent av hotell- og overnattingsbedrifter planlegg oppseiingar. Talet for servering og uteliv er 26 prosent.Framleis er mange permitterte i reiselivsnæringa. 40 prosent av bedriftene har permittert sine tilsette. 19 prosent har permittert 51 til 100 prosent av dei tilsette.
To tredelar av bedrifter opplyser at dei har færre bestillingar for september samanlikna med i fjor. 28 prosent har ingen bestillingar i oktober, som vanlegvis er ein travel månad for kurs- og konferansemarknaden.
Les også:
Scandic Parken-direktør
:Eg er bekymra for hausten. Vi treng gjestar heile veka
Publisert: 11.08.2020 17:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01