8 298 personer er no helt arbeidsledige i Møre og Romsdal, noko som er ein nedgang på 886 den siste veka.
Andelen heilt ledige er dermed redusert frå 6,6 % til 6,0 %.
Talet på delvis ledige har i same periode auka med 106 personar til 9 086.
– Denne veka ser vi ein ganske stor reduksjon i heilt ledige, samtidig som vi berre har ein liten auke i delvis ledige. Det er den same utviklinga som i resten av landet, seier direktør Stein Veland i NAV Møre og Romsdal.
- Sjølv om dette er nesten 3 000 færre enn vi hadde på det høgaste i mars, er det fortsatt svært høgt samanlikna med dei 4 271 vi hadde i denne gruppa ved utgangen av februar, seier Veland.
Hareid, Ulstein og Herøy er på toppen i heilt ledige.
Hareid har no 227 heilt ledige, noko som utgjer 8,7 prosent.
Herøy har 394 heilt ledige, som utgjer 8,5, medan Ulstein har 370 ledige. Det utgjer 8,3 prosent av arbeidsstyrken.
Dei tre kommune har også mange delvis ledige. Her har Hareid 183, Herøy 339 og Ulstein 342.
I Sykkylven er det i tillegg 190 heilt ledige.
Ålesund har 2 329 heilt ledige, som utgjer 6,6 prosent.
I tillegg er det no 2 402 delvis ledige i Ålesund.
I prosent utgjer dette ein fin nedgang på 9,1 prosent frå 7,4 prosent til 6,7 prosent heilt utan arbeid.
– Utviklinga er litt svakare enn førre veke, men likevel om lag som venta, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør NAV Vestland.
Som førre veke aukar framleis talet på delvis ledige, men klart svakare denne veka frå 18 529 til 18 796 som utgjer 267 fleire.
Dette betyr at mange av dei som går attende til jobb går rett inn i full stilling.
Andelen heilt ledige er dermed redusert frå 6,6 % til 6,0 %.
Talet på delvis ledige har i same periode auka med 106 personar til 9 086.
– Denne veka ser vi ein ganske stor reduksjon i heilt ledige, samtidig som vi berre har ein liten auke i delvis ledige. Det er den same utviklinga som i resten av landet, seier direktør Stein Veland i NAV Møre og Romsdal.
Verst på ytre søre
I Møre og Romsdal er det no 17 384 som er enten heilt eller delvis ledige.- Sjølv om dette er nesten 3 000 færre enn vi hadde på det høgaste i mars, er det fortsatt svært høgt samanlikna med dei 4 271 vi hadde i denne gruppa ved utgangen av februar, seier Veland.
Hareid, Ulstein og Herøy er på toppen i heilt ledige.
Hareid har no 227 heilt ledige, noko som utgjer 8,7 prosent.
Herøy har 394 heilt ledige, som utgjer 8,5, medan Ulstein har 370 ledige. Det utgjer 8,3 prosent av arbeidsstyrken.
Dei tre kommune har også mange delvis ledige. Her har Hareid 183, Herøy 339 og Ulstein 342.
Kvar fjerde delvis ledig i Sykkylven
Sykkylven har klart flest delvis ledige. Her er no 964 delvis lege, noko som utgjer heile 23,6 prosent av arbeidsstyrken.I Sykkylven er det i tillegg 190 heilt ledige.
Ålesund har 2 329 heilt ledige, som utgjer 6,6 prosent.
I tillegg er det no 2 402 delvis ledige i Ålesund.
Reduksjon i Vestland
Talet på heilt ledige personar i Vestland er redusert med 2 277 den siste veka, frå 24 910 til 22 633.I prosent utgjer dette ein fin nedgang på 9,1 prosent frå 7,4 prosent til 6,7 prosent heilt utan arbeid.
– Utviklinga er litt svakare enn førre veke, men likevel om lag som venta, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør NAV Vestland.
Som førre veke aukar framleis talet på delvis ledige, men klart svakare denne veka frå 18 529 til 18 796 som utgjer 267 fleire.
Dette betyr at mange av dei som går attende til jobb går rett inn i full stilling.
Publisert: 19.05.2020 15:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57