Sparebanken Møre arrangerte Næringsteft første gang i 2017/2018, med over 100 påmelde. I 2019/2020 var 91 bedrifter og personar med på konkurransen, der vinnaren får ein million kroner i premie.
Ei lita veke før den forlenga påmeldingsfristen går ut har 41 bedrifter/personar meldt seg på.
- Eg trur det kan ha med tida vi er inne i - det er framleis mykje usikkerheit i verda knytt til pandemien (verdsomspennande epidemi, red. merk), og dei som er i fast jobb vil kanskje halde seg fast i den enn so lenge, seier Linda Rafteseth Grimstad i Sparebanken Møre om kvifor søkjartalet til Næringsteft går ned i år.
Ein fellesnemnar for dei fleste ideane i år er at dei fleste deltakarane har bevega seg over på digitale flater og nettbutikkar, også i tradisjonelle handverksbedrifter, matprodusentar og i reiselivsbransjen, fortel Rafteseth Grimstad. Bruk av kunstig intelligens, virtuell virkligheit, sensorikk og maskinlæring, saman med nye enegrikjelder pregar også Næringsteftdeltakaranen i år.
Første samling handlar om kundebehov, deretter blir deltakarane med på årets digitale Innovasjonsfestival, før dei får råd i arbeidet med ei innleveringsoppgåve og trening i å presentere ideen sin for moglege investorar.
I slutten av januar 2021 skal juryen velje ut 15 semifinalistar. I tillegg til Sparebanken Møre er rådgivarane for deltakarane frå rådgivingselskapet Converto, advokatselskapet Kvale, investorselskapet Pir, Vest, reknskap-, it- og rådgivingselskapet Visma, NTNU, ProtoMore, Vindel, ÅKP og Sparebanken Møre.
Ei lita veke før den forlenga påmeldingsfristen går ut har 41 bedrifter/personar meldt seg på.
- Eg trur det kan ha med tida vi er inne i - det er framleis mykje usikkerheit i verda knytt til pandemien (verdsomspennande epidemi, red. merk), og dei som er i fast jobb vil kanskje halde seg fast i den enn so lenge, seier Linda Rafteseth Grimstad i Sparebanken Møre om kvifor søkjartalet til Næringsteft går ned i år.
Meir gjennomarbeidd
Trass i færre deltakarar trur Rafteseth Grimstad på ein tøff konkurranse fordi ideane i år er meir gjennomtenkte.Ein fellesnemnar for dei fleste ideane i år er at dei fleste deltakarane har bevega seg over på digitale flater og nettbutikkar, også i tradisjonelle handverksbedrifter, matprodusentar og i reiselivsbransjen, fortel Rafteseth Grimstad. Bruk av kunstig intelligens, virtuell virkligheit, sensorikk og maskinlæring, saman med nye enegrikjelder pregar også Næringsteftdeltakaranen i år.
Utvida tilbod
2019/2020-versjonen av Næringsteft vart utvida ved at fleire av deltakarane fekk vere med på meir av opplæringa og oppfølgjinga av deltakarane undervegs fram mot finalen. Slik blir det også i år, men denne gangen berre på nettet.Første samling handlar om kundebehov, deretter blir deltakarane med på årets digitale Innovasjonsfestival, før dei får råd i arbeidet med ei innleveringsoppgåve og trening i å presentere ideen sin for moglege investorar.
I slutten av januar 2021 skal juryen velje ut 15 semifinalistar. I tillegg til Sparebanken Møre er rådgivarane for deltakarane frå rådgivingselskapet Converto, advokatselskapet Kvale, investorselskapet Pir, Vest, reknskap-, it- og rådgivingselskapet Visma, NTNU, ProtoMore, Vindel, ÅKP og Sparebanken Møre.
Publisert: 10.11.2020 07:55
Sist oppdatert: 11.03.2021 10:12