Facebook gruender avviser kjoep av Kleven baat
YACHT: Denne båten er kjøpt av Mark Zuckerberg.
Nytt

Facebook-gründer avviser kjøp av Kleven-båt

Mark Zuckerberg har ikkje kjøpt den Kleven-bygde luksusyachten Ulysses, slik blant andre NETT NO skreiv 18. januar.

20.01.2018
var først ute med å siterer tyrkiske på at Zuckerberg hadde kjøpt den Klevenbygde luksusbåten.

OPPDATERING:

Etter at artikkelen om salet blei publisert i den tyrkiske avisa, og deretter siterte i fleire aviser, mellom anna Dagens Næringsliv og NETT NO har Facebook avvist at Zuckerberg kjøpte Ulysses.
Båten blei bygd til den newzealandske millardæren Graeme Hart.

Ville ha større båt

Ulysses er teikna av Marin Teknikk i Myrvåg, og vart bygt hos Kleven i Ulsteinvik.
Hart overtok det 107 meter lange skipet i 2015, men bestemde seg deretter for å byggje eit endå større skip ved Kleven.
Den nye superyachten var 116 meter lang, og vart sjøsett frå Kleven i fjor.

Bil og helikopter

I ettertid har Hart prøvd å selje Ulysses.
Ifølgje tyrkiske Hürriet Daily News blei båten seld med helikopter, ein mindre ekstrabåt og ein bil med firehjulsdrift.
Ulysses har forsterka skrog for å kunne operere i arktiske strøk. Skipet har også kapasitet til å gå halve jorda rundt utan bunkring.

Publisert: 20.01.2018 18:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17