Fall i loensemda for Nordfjord Kjoett
MARGINPRESS: Nordfjord Kjøtt auka marknadsføringa etter inntektsfallet i 2017. Det auka driftsinntektene igjen, men reduserte lønsemda.
Nytt

Fall i lønsemda for Nordfjord Kjøtt

Meir marknadsføring minka marginane for Nordfjord Kjøtt.

25.06.2019
Kjøttforedlingsbedrifta i Loen i Stryn snudde inntektsnedgang i 2017 til ein auke i driftsinntektene på 4,3 prosent i fjor. Men lønsemda gjekk ned, frå eit resultat før skatt på 1,6 prosent av driftsinntektene i 2017 til 1,1 prosent i 2018.
Investeringar i "markedsaktiviteter o.l. for å øke aktivitet og omsetning" slo ut i lågare marginar i fjor, heiter det i årsmeldinga for selskapet.
I år ventar selskapet auke i lønsemda igjen.

Fall også i 2017

Nordfjord Kjøtt er ein av dei store norske aktørane i kjøttforedlingsbransjen, og er leverandør til Rema-kjeden - med sitt eige varemerke. Selskapet er den klart største verksemda i Legula-konsernet (sjå tabell), som er eigd av søskena Malin og Tom Roksvåg og faren Geir Egil.
Også frå 2016 til 2017 fall lønsemda i Nordfjord Kjøtt. Då fall driftsinntektene heile 11,9 prosent.

Nedturen i 2017 slo også ut for Legula-konsernet. Resultatet før skatt i prosent av driftsinntektene (resultatmargin) i konsernet blei 4,8 prosent i 2017. Konsernet må tilbake til 2004 for å finne ein resultatmargin under 2017-nivået.
I åra 2012-2016 har resultatmarginen variert mellom 10,3 og 6,2 prosent.
I fjor blei resultatmarginen for konsernet 4,4 prosent.
Konsernet sysselsette 299 årsverk i 2018, sju færre enn i 2017.

Gondolgevinst

Saman med Hotel Alexandra er Nordfjord Kjøtt ei hjørnesteinsbedrifter i Loen. Geir Roksvåg i Nordfjord Kjøtt var og ein viktig støttespelar for å finansierer og bygd Loen Skylift, gondolbanen frå fjorden til fjellet over Loen.
Nordfjord Kjøtt gjekk inn med 21 millionar kroner i gondolprosjektet. Den investeringa dobla seg i verdi. I fjor kjøpte Alexandra Hotel, med Richard Grov som storaksjonær, ut Nordfjord Kjøtt for 42,5 millionar kroner.

Publisert: 25.06.2019 08:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36