Familiesamvirke bak aktiv satsing
STYRELEIAR: Rasmus Endre Bø fyller rolla som styreleiar i aktivitetsparken i Stryn som nyleg sesongopna, men tre familiar er sentrale i drifta. 
Nytt

«Familiesamvirke» bak aktiv satsing

Aktivitetspark i Stryn med nytt kurs- og selskapslokale, og er allereie oppdaga av bedriftsmarknaden.

Marius Rosbach
13.07.2020
Aktivitetspark i Stryn med nytt konferanse- og selskapslokale, er allereie oppdaga av bedriftsmarknaden.
Hydlaparken utvidar i år tilbodet med Hydlastova, eit stort lokale i to etasjar med sitjeplass til omlag 150 personar. Lokalet er tenkt nytta på ulike vis.
– På dagtid er det klatrepark-kafe når parken er ope, og til andre tider kan det nyttast til alt frå finare middagar og selskap, til konferansar og møter, fortel styreleiar Rasmus Endre Bø i Hydlaparken til NETT NO.

Tre familiar sentrale

Dei kring 30 millionane som er satsa i parken og det tilhøyrande anlegget, er det i stor grad Otto Vik som står for. Som hytteutbyggar såg han at området trong fleire aktivitetstilbod i sommarhalvåret. I klatreparken er det klatreløyper med ulike vanskegrad, og ziplines – mellom anna.

I tillegg til den nytilsett kokken Martin Sæther Arentz, som saman med familien nyleg har flytta frå Oslo til Stryn, står tre familiar sentralt i drifta.
– Vi er tre venepar som for snart to år sidan fekk ein forespurnad frå Otto Vik om vi ville drive dette konseptet saman. Ansvarsområdene har vi fordelt mellom oss på ein god måte, fortel styreleiar Bø.
Han fortel at alle i familiane har andre jobbar ved sidan av. Det vil i stor grad vere den nemnte kokken, som står for drifta på Hydlastova. Elles har dei opptil 30 tilsette i arbeid i høgsesongen – mange unge frå lokalmiljøet.

Familiar og bedrifter

Rasmus Endre Bø fortel at sesongen starta seint grunna korona, men no er dei i full gong.
– Når vi først kom i gong, har det vore veldig god respons, både i klatreparken og på Hydlastova, fortel han.

Klatreparken har i stor grad vore eit familietilbod med aktivitetar retta mot ulike nivå i tillegg til pumptrackbane for syklar. Bø fortel at også bedriftene har oppdaga tilbodet og allereie utgjer ein betydeleg del av bestillingane.
– Her kan vi by på ei totalpakke med møteromsfasilitetar, god mat og drikke og utandørs aktivitet, og det er ein marknad vi ser stort potensiale i, seier Bø.

Besøk frå store delar av landet

Styreleiaren anslår at kring ein firedel av besøket kjem frå lokalmarknaden, inkludert dei som har hytte i området. På bookinglista står det folk frå store delar av landet.
– Klatreparken er ope i helgane og når skulane har stengt. Så stenger vi ned den i oktober. Då satsar vi på julebord, selskap, møter og arrangement utover hausten og vinteren på Hydlastova, seier Bø.
Han fortel at dei har eit ønske om at staden på vinterstid skal bli Stryn sitt motsvar til utfartsmålet «Kikutstua» i Nordmarka i Oslo, der ein kan stikke innom for ei kanelbolle og kakao på skituren rett utanfor stoveveggen.

Valldal har merka konkurransen

Litt lengre inn i fjordlandskapet fortalde Valldal Aktivitetspark i sommar at dei har mellom anna på Stryn og Bjorli.

Rasmus Endre Bø i Stryn meiner det ikkje er snakk om overetablering:
– Eg trur ikkje det. I Stryn-regionen er vi vande med å tenkje at «jo meir som skjer, jo betre». Vi har også ein god dialog med Valldal og samarbeider på fleire område, legg han til.

Les også:


I Stryn-regionen er vi vande med å tenkje at «jo meir som skjer, jo betre»

Publisert: 13.07.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59