Fangsten til fiskebåtreiarlaget Lerøy Havfisk i Ålesund var 21 prosent mindre i første kvartal i år, målt i tonn, enn i første kvartal i fjor. For torsk, som er det viktigaste fiskeslaget, er reduksjonen i fangstvolum på 32 prosent.
Nedgangen skuldast at fiskekvotane er redusert.
Trass dette er inntektsnedgangen til forretningsområdet villfisk i Lerøy Seafood Group - som Lerøy Havfisk er ein del av - berre litt over to prosent i same periode (sjå tabell under).
Årsaka er prisauke. 35 prosent opp for torsk, 107 prosent for hyse og 62 prosent for sei.
Færre dagar i fiske
Lerøy Havfisk eig og driv ein flåte på 10 trålarar.
Reduserte kvotar gjer mellom anna at reiarlaget brukar mindre tid på å få tak i fisken. I første kvartal var dei i fiske i til saman 790 dagar, mot 886 dagar i første kvartal i fjor.
På pluss-sida for reiarlaget er óg reduserte drivstoffkostnadar på 15 millionar kroner i kvartalet. Årsaka er billegare diesel.
Betre på land
Villfisk-segmentet i Lerøy Seafood Group omfattar også fiskeindustriselskapet Lerøy Norway Seafoods, med fleire fiskeindustri- og fiskemottak i Nord-Noreg.
Reduserte fiskekvotar og høgare fiskeprisar er utfordrande for selskapet, skriv Lerøy Seafood Group i kvartalsrapporten for 1. kvartal 2025.
Likevel har Lerøy Norway Seafoods betra driftsresultatet med 10 millionar kroner samanlikna med første kvartal i fjor. Det skuldast eit langvarig arbeid for å drive meir lønsamt, der resultata no byrjar å vise seg.
Prisfall på laks
Hovudverksemda til Lerøy Seafood Group er oppdrett av laks og regnbogeaure.
Gjennomsnittsprisen for laksen var 89,80 kroner kiloen i første kvartal, ned 19 kroner samanlikna med første kvartal i fjor.
Den prisnedgangen gjer at selskapet skriv ned verdien av fisk i sjøen med 1,9 milliardar kroner. Det er årsaka til eit negativt driftsresultat og resultat før skatt for konsernet (sjå tabell under).
Driftsresultatet justert for denne nedskrivinga, såkalla operasjonelt driftresultat blei ein milliard kroner i første kvartal i år, mot 0,8 milliardar kroner i første kvartal i fjor.
| Lerøy Seafood Group ASA | ||
| 1. kvartal. I mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 7951 | 7110 |
| Driftresultat | -771 | 885 |
| Resultat før skatt | -926 | |
| Lerøy Seafood Group ASA | ||
| Villfisksegmentet | ||
| 1. kvartal. I mill. kroner | 2025 | 2025 |
| Driftsinntekt | 936 | 957 |
| Driftsresultat | 148 | 187 |
Publisert: 15.05.2025 07:35
Sist oppdatert: 20.08.2025 07:43






