Fann att klippfisken fraa Ellingsoeya
BRASIL: I supermarknadskjeden Carrefour i Rio fann Nesvik mykje klippfisk frå Sunnmøre, inkludert frå Jacob Bjørge, der Nesvik jobba ein dag i januar.
Nytt

Fann att klippfisken frå Ellingsøya

I supermarknadskjeden Carrefour i Rio de Janeiro fann fiskeriminister Harald Tom Nesvik klippfisk frå bedrifta han jobba for i januar.

04.04.2019
- Det er svært gledeleg med sterk vekst i eksporten av klippfisk. Ikkje minst her i Brasil ser eg kor viktig klippfisken er.
- Brasilianarane elskar norsk "bacalhau", og med eit folketal på over 200 millionar er muligheitene enorme. Norge må ha ambisjoner om å vekse ytterlegare i den brasilianske marknaden.
Det seier Nesvik etter at han har vore i Brasil og Chile for å promotere norsk fiskerinæring.

Sunnmørsk klippfisk

Han opplyser at på den store supermarknadskjeden Carrefour deltok han på eit arrangement for å promotere norsk klippfisk.
- Der var det klippfisk frå ei rekke klippfiskprodusentar frå Sunnmøre, blant anna frå bedrifta Jacob Bjørge, der eg sjølv arbeidde i produksjonen for nokre veker sidan.

Ferske tal viser at Norge hittil i år har eksportert klippfisk for 1,1 milliardar kroner. Berre i Brasil har det blitt seld klippfisk for 400 millionar.

Stor eksportauke

Totalt har Noreg eksportert 25.000 tonn klippfisk til ein verdi av 1,1 milliardar kroner i årets første tre månader. Det svarar til ein auke i volum på 17 prosent og ein auke i verdi på 154 millionar kroner.
Brasil, Portugal og Den dominikanske republikk var dei viktigaste markeda.
Nesvik seier at godt marknadsarbeid er heilt avgjerande for at norske klippfiskprodukt skal kunne styrke den gode posisjonen.

Stort klippfiskevent

Onsdag ettermiddag drog Nesvik til hovedstaden Brasilia, der det var eit stort klippfiskevent på den norske ambassaden, med meir enn 600 deltakarar.
- Mange av dei viktige beslutningstakarar for dei brasilianske styresmaktene.
- Torsdag blir sjømathandelen mellom Norge og Brasil eit viktig tema i mine politiske samtalar med min brasilianske kollega Tereza Cristina Corrêa da Costa Dias, seier Nesvik.
Ikkje minst her i Brasil ser eg kor viktig klippfisken er

Publisert: 04.04.2019 08:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33