Sildegytetokt 2019 fra trålhal i pos N6742 E0951 sørvestkanten av Røstbanken Her blir fangsten sluppet ned i bingen til fiskelaben Fotograf Jostein Røttingen Copyright tekst Jostein Røttingen Havforskningsinstituttet
HÅP: Kartlegginga av sildebestanden i Barentshavet i fjor gir håp om eit oppsving i fisket om to-tre år. Biletet er frå Havforskinga sitt sildetokt i 2019.Jostein Røttingen / Havforskningsinstituttet
Nytt

Fann mykje sild i Barentshavet

Ei årsklasse av sild er den beste på 20 år.

22.02.2024

Forskarar frå Havforskningsinstituttet fann tre gode årsklasser av sild under forskingstoktet i Barentshavet i fjor.

Ei av årsklassene, som no er to år, er den beste to-årsklassa som er registrert sidan 2004, skriv Havforskingsinstituttet på nettsida si.

Dei siste åra har det vore lite sild i kvar årsklasse. Den siste store årsklassen er frå 2016. Den har gitt gode fangstar, men no er bestanden - og fiskekvotane - på veg ned. Saman med høgt fiskepress gjer det at rådet om kor mykje sild som kan fiskast er redusert med 24 prosent i år, samanlikna med i fjor.

Tre gode årsklasser
Fjorårets tokt resulterte i funn av tre gode årsklasser. Det er først når silda når fire år at den byrjar å bli fiske på. Dei gode funna er dermed ingen garanti for eit komande oppsving i fisket, men dei fortel i alle fall om eit potensielt oppsving to-tre år fram i tid.

Forskarane registerer tre årsklasser. På førre tokt vart ikkje dei austlege deler av Barentshavet undersøkt, slik at forskarane ikkje visste noko om kor stor to-årsklassen ville vere før på fjorårets tokt. Toktet viste at to-årsklassen er den største sidan 2004.

Publisert: 22.02.2024 11:40

Sist oppdatert: 22.02.2024 14:32

Mer om