Kokkn roll 3
TØFF START: Sivert Hasund og Ole Christian Sivertstøl starta Kokk'n Roll på Hareid samstundes som koronaepidemien slo til. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Fann suksessoppskrifta mot korona

Ferdiglaga kvardagsrettar berga Kokk´n Roll gjennom 2020.

12.03.2021

Sivert Hasund og Ole Christian Sivertstøl var så vidt komne i gang i nye lokale ved ferjeleiet på Hareid før koronaepidemien kom i fjor.

2020 blei likevel eit godt år for dei to, som no også har ein lærling tilsett.

- Det har utvikla seg ganske bra, men det har vore mykje opp og ned og store utfordringar, seier Sivert Hasund.

Kokk´Roll as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter3,11,0
Driftsresultat0,30,2
Resultat før skatt0,30,2

Suksessoppskrifta
For Kokk´n Roll blei oppskrifta for klare seg i eit år der det blei færre cateringoppdrag til lag og arrangement, å satse på kundar som ville ha med seg ein nesten ferdi middag heim.

Kokk´n Roll lagar kvardagrettar, pakka i plastposar. som blir henta av kundane i Fjord1 sine tidlegare lokale i Terminalbygget på Hareid og varma opp heime.

- Dei skal klare det meste berre med ei panne med vatn, seier Hasund.

Omlag 65 prosent av driftsinntektene i fjor kom frå sal av ferdigmat som kundane henta sjølve, anslår han.

Inn i Snorrebuda
I år har Kokk´n Roll også kjøpt aksjemajoriteten i Snorrebuda Mat og Vinhus i Ulsteinvik.

Selskapa skal drivast som to uavhengige selskap ifølgje Hasund.

Publisert: 12.03.2021 05:55

Sist oppdatert: 12.03.2021 00:14

Mer om