Næringslivet på Sunnmøre protesterer mot ferjetilbodet mellom Hareid og Sulesund og vil ha ei tredje ferje, etter sterk auke i trafikken. Næringslivet er også opprørt over at den eldre ferja "Ullensvang" skal inn i sambandet frå nyttår, og meiner det vil gjere tilbodet dårlegare enn det allereie er.
Reiarlaget Norled skuldar på staten, som ikkje vil la selskapet sette "Ullensvang" i trafikk over Sognefjorden og heller sette ei nyare ferje i drift mellom Hareid og Sulesund. Slik saka står no er selskapet ferdig med forhandlingane, og ikkje opne for endringar, skriv selskapet i ein epost til Maritimt Forum Nordvest.
Fylket, som har sett Hareid-Sulesund ut på anbod, skulle gjerne auka frekvens og kapasitet på strekninga, men er tom for pengar til å betale.
Det nye anbodet tek til å gjelde frå komande årsskifte. Dersom fylket ønskjer å utvide kapasiteten og/eller frekvensene, ved hyppigare avgangar eller større ferjer, så er det rom for det i kontrakten, i følgje Hole. Men det kostar i så fall pengar.
- Det må kjøpast meir kapasitet. Per i dag har fylket ikkje pengar, seier han.
Medan det er staten som har ansvaret for ferjestrekningane på europavegen, som over Romsdalsfjorden, Halsa-Kanestraum og Fstøy-Solevåg, er Hareid-Sulesund fylket sitt ansvar.
Den prisauken utgjer til saman 150 millionar kroner i året for Møre og Romsdal, når alle strekningane har fornya sine anbod.
Reiarlaget Norled skuldar på staten, som ikkje vil la selskapet sette "Ullensvang" i trafikk over Sognefjorden og heller sette ei nyare ferje i drift mellom Hareid og Sulesund. Slik saka står no er selskapet ferdig med forhandlingane, og ikkje opne for endringar, skriv selskapet i ein epost til Maritimt Forum Nordvest.
Fylket, som har sett Hareid-Sulesund ut på anbod, skulle gjerne auka frekvens og kapasitet på strekninga, men er tom for pengar til å betale.
Kan kjøpe meir
Trafikkveksten Hareid-Sulesund er større enn fylket rekna med då strekninga vart lagt ut på anbod, i følgje seksjonsleiar Dag Hole i Møre og Romsdal fylkeskommune.Det nye anbodet tek til å gjelde frå komande årsskifte. Dersom fylket ønskjer å utvide kapasiteten og/eller frekvensene, ved hyppigare avgangar eller større ferjer, så er det rom for det i kontrakten, i følgje Hole. Men det kostar i så fall pengar.
- Det må kjøpast meir kapasitet. Per i dag har fylket ikkje pengar, seier han.
Peikar på staten
Hole peikar på staten og seier fylket arbeider for at staten skal ta på seg ein større del av kostnadane med å drive ferjestrekningane. Får fylket regjeringa med på det står større løyvingar til Hareid-Sulesund langt framme i løypa.Medan det er staten som har ansvaret for ferjestrekningane på europavegen, som over Romsdalsfjorden, Halsa-Kanestraum og Fstøy-Solevåg, er Hareid-Sulesund fylket sitt ansvar.
40 prosent meir
Ny anbodsrunde på Hareid-Sulesund og tre andre samband i Møre og Romsdal viser at ferjeselskapa i gjennomsnitt krev 40 prosent meir enn før for å ta på seg oppdraga.Den prisauken utgjer til saman 150 millionar kroner i året for Møre og Romsdal, når alle strekningane har fornya sine anbod.
Publisert: 22.10.2014 15:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38