Feira fem aar og heilaarssatsing i Valldal
FEM ÅR: Frå venstre: Grunneigar og medeigar Nils Jarle Hjelme saman med dagleg leiar Erlend Hjelme og marknadssjef Gro Marita Valdal ved Valldal aktivitetspark si bursdagsfeiring måndag. 
Nytt

Feira fem år og heilårssatsing i Valldal

Reiselivsbedrifter i Valldal er gått saman under merkenamnet «The Adventure Valley».

Marius Rosbach
01.07.2019

Valldal aktivitetspark inviterte måndag til feiring av femårs bursdag og markering av ei satsing mot heilårsdrift.

– Vi har bestemt oss for å satse mot vintermarknaden med noko vi kallar «winter zip-lining», fortel marknadssjef Gro Marita Valdal i Valldal Aktivitetspark til NETT NO.

Ho starta selskapet i 2014 saman med Erlend Hjelme, som er dagleg leiar i selskapet. Måndag hadde dei invitert til ei markering av at det var fem år sidan dei starta opp, og til å fortelje litt om planane vidare.

Satsar meir i øvre prissjikt
Til no har dei halde ope i sommarmånadene. I vinter vil dei vil teste eit tilbod med zip-lining – i parken på Hjelme, der dei har laga til sju klatreløyper rett ved elva Valldøla.

– Vi kjem til å gjere nokre forbetringar ved bygget, slik at det er mogleg å halde seg varm også vinterstid, seier ho.

Dei fleste besøkande i dag er familiar, men framover vil dei også satse meir på å lokke til seg gjestar frå det øvre prissjiktet.

Til å hjelpe seg med å skaffe kundar har dei innleia eit samarbeid med Juvet landskapshotell som har gjestar i same segmentet. Dei har også oppdrag for besøkande frå Hotel Union i Geiranger.

Les også: - Vêret i juli avgjer mykje

– Folk tør reise ut i det ukjende på eigahand

Felles marknadsføring
Aktivitetsparken har saman med fire andre Valldal-bedrifter samla seg under merkenamnet «The Adventure Valley». Dei fire andre er Kulå Bowling, Valldal fjordhotell, Valldal Naturopplevingar og Meretes Garden som held på med yogakurs og overnatting.

nettnohalf

Samarbeidet har gått føre seg eit par år allereie, men det er i først i vår dei har teke i bruk det engelske uttrykket på det populære turistområde.

– Vi er det same engasjementet og samarbeider om marknadsføring mot sokalla «high end»-turistar, seier Valdal.

Aktivitetsparken har hatt om lag 60.000 besøkande sidan starten. I løpet av desse åra har dei gått frå 80 til 170 klatreselar til besøkande, og bygd ut i tre omgangar.

– Vi har heile tida lagt opp til at det skal vere kos å vere her. Folk kan ta med eigen mat og drikke, og billetten gjeld heile dagen, slik at folk kan ta seg god tid, seier Valdal.

Møt tre gründarar i opplevingsbransjen: Troll, brennevin og turar på ukjende stiar

– Teke rett ut av «læreboka»
Ordførar Arne Sandnes i Norddal var mellom gratulantane måndag og meinte aktivitetsparken er på rett kurs til å utvikle eit berekraftig tilbod.

– Det har vorte ein kjempesuksess og mykje større enn vi hadde trudd. Det er fantastisk å sjå kor mange som kjem hit og nyttar dette tilbodet, som er teke rett ut av «læreboka» med aktivitetar og friluftsliv i hovudfokus, sa Norddal-orføraren

Også medeigar og grunneigar ved aktivitetsparken – og grunnleggjar av Valldal Naturopplevingar - Nils Jarle Hjelme, var med på feiringa.

– Det har vore utruleg kjekt å vere med å sjå at vi kan skape noko slikt her i utkanten. Det gjer at det er kjekkare å bu her, og kanskje vil fleire synest det også, sa han.

Les meir: Reiselivet vokser kraftig på opplevelser

Trur samarbeid gir meir lønnsam opplevingsturisme


Publisert: 01.07.2019 17:14

Sist oppdatert: 23.01.2023 11:46