Fekk dagpengesjokk etter aa ha koronapermittert tilsette
DAGPENGAR: Bedriftseigar frå Sunnmøre reagerer på at det er berre dei som permitterte etter 20. mars som får nyte godt av dei nye koronareglane.
Nytt

Fekk dagpengesjokk etter å ha koronapermittert tilsette

Bedriftseigar meiner dagens ordning er urettferdig og kan føre til konkursar.

06.06.2020
- Det er horribelt at dei bedriftene som permitterte mellom 12.mars og 20. mars på grunn av korona ikkje skal få noko, medan dei som permitterte etterpå får full utteljing av dei nye reglane.
Det seier ein bedriftseigar frå Sunnmøre etter at NAV i eit brev til ein permittert slår fast at først frå den 20. mars galdt dei nye reglane med at NAV dekte permitteringar etter tre dagar, og ikkje etter 14 dagar varsling og 15 dagar bedriftsbetalt som før.
Bedriftseigaren ønsker ikkje å stå fram med namn, men NETT NO har fått tilgang til korrespondansen som gjeld ein av dei permitterte tilsette ved bedrifta.

Permittert 17. mars - rett til dagpengar 14. april

Vedkomande vart permittert 17. mars.
- Både han og eg var sikre på at systemet då var slik som politikarane hadde sagt, nemleg at bedrifta skulle betale for to dagar og NAV betale resten.
No har svaret frå NAV kome. Der blir det fastslått at vedkomande først har rett på dagpengar frå NAV frå 14. april, altså nesten ein månad etter han vart permittert.
- Både for den permitterte og meg var det eit sjokk å sjå dette, og eg er sikker på at det også vert eit sjokk for mange arbeidsgivarar og mange tusen tilsette som no ventar på dagpengane.
- Om ikke bedriftene har råd til å betale, vil desse permitterte no sitje att med ein heil månad utan løn.

Fryktar konkursar

Grunngjevinga frå NAV er følgjande:
«For permittering iverksatt før den 20. mars 2020 har arbeidsgiver 15 lønnspliktdager. Fra den 20. mars inntrer nytt regelverk og arbeidsgivers lønnsplikt er redusert til to fulle arbeidsdager.»
Bedriftseigaren frå Sunnmøre viser til at det var i perioden frå regjeringa stengde store deler av Norge ned den 13. mars og den første veka etterpå at dei fleste vart permitterte.
- Mange bedrifter vart rett og slett pålagde å stenge ned, og då er det underleg at dei nye permitteringsreglane først skal gjelde frå 20. mars.
- Dette vil mange bedrifter tape store summar på, og kan i verste fall føre til konkursar.

Kan vere skuldig pengar til NAV

Han viser også til at i praksis vil no arbeidstakarar som har tatt imot tilbod om forskot på dagpengar vere skuldig NAV desse pengane.
- Det vert truleg ein kø med tilsette måndag som vil krevje bedrifta for dagpengane dei ventar på, men det er ikkje sikker på at bedrifta kan betale. Kva skjer då? spør bedriftseigaren.
På heimesida til regjeringa vert det slått fast at det nye regelverket knytta til permitteringar og dagpengar trer i kraft frå og med 20. mars.
Bedriftseigaren seier at det er ikkje mange som les kva som står på heimesida til regjeringa.
- Slik denne saka har vorte formidla av politikarane i media, er det mitt klare inntrykk at det er svært få som har fått med seg at endringa frå 15 dagar til to dagar lønsplikt først gjeld frå 20. mars.
- Og uansett er det dundrande urettferdig å ha ei ordning som skil så mykje mellom enkeltbedrifter og tilsette som er utsett for akkurat dei same konsekvensane av koronapandemien.

- I verste fall ny skandale

Også på heimesida til NAV står det også at dei nye permitteringsreglane gjeld for 20. mars.
Men det vert også presisert følgjande:
«På grunn av koronasituasjonen skal du kun betale lønn i to dager etter at du har permittert ansatte. Dette gjaldt fra og med 20. mars. Arbeidsgivere som har betalt lønn til ansatte to eller flere dager før denne datoen slipper å utbetale mer lønn.»
- Slik vi har tolka dette, så betyr det at NAV også skulle betale dagpengar til dei vi permitterte mellom 12. og 20. mars, men det svaret som NAV no gir er at slik er det likevel ikkje.
- Dette er i beste fall forvirrande, i verte fall er det snakk om ein ny skandale med store negative konsekvensar, seier bedriftsleiaren.
NETT NO har kontakta NAV-direktør Stein Veland i NAV Møre og Romsdal. Han viser til NAV sentralt sidan det er snakk om eit spørsmål som gjeld regelverket.
Ved pressevakta ved NAV blir det opplyst at ein ikkje kan gi svar før måndag.
 Dette er i beste fall forvirrande, i verte fall er det snakk om ein ny skandale med store negative konsekvensar

Publisert: 06.06.2020 18:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58