Fekk groent lys for resirkulering av skip
FØRST UT: Konsernsjef Hans Jørgen Fedog framfor Norled-ferja Jondal, som ligg an til å bli det første fartøyet som blir resirkulert ved Green Yard Kleven.
Nytt

Fekk grønt lys for resirkulering av skip

Kleven blir det første verftet i Norge som kan handtere heile livsløpet til skip -og ei tidlegare Norled-ferje blir første fartøy til å skrapast.

Marius Rosbach
28.01.2021
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har gitt Green Yard Kleven i Ulsteinvik løyve for resirkulering av skip, ifølgje ei torsdag.
– Dette er veldig gledeleg, og eit utruleg viktig strategisk gjennombrot at vi no kan kome i gang med resirkulering av skip, som var planen frå starten av, uttalar Hans Jørgen Fedog, styreleiar i Green Yard Kleven i meldinga.
Han stadfestar til NETT NO at planen er at blir det første fartøyet som blir resirkulert ved verftet.

Meir stabilt for dei tilsette

Med dette løyvet på plass blir Kleven-verftet det einaste verftet i Noreg som kan handtere heile livsløpet til skip. Frå nybygg, reparasjon, ombygging og til slutt resirkulering av skip.

– Tanken er at ein kan sette fleire folk til arbeid på resirkulering når det i periodar er mindre aktivitet på andre oppdrag. På denne måten håper ein å kunne oppnå ein mest mogeleg stabil arbeidssituasjon for dei tilsette, heiter det i meldinga.
Det vil også bli behov for nye underleverandørar og samarbeidspartnarar når resirkuleringa kjem i gang.

Skal bygge ut

Verftet skal no byggast ut slik at det tilfredsstiller alle krav. I tillegg skal det bli ein mest mogeleg straumlinjeforma resirkuleringsprosess, som også skal ivareta sikkerheit og miljø.
Det skal byggast ut dedikerte område til mellom anna sanering, lagring og klipping i tillegg til innkjøp av maskinpark. Dette er allereie nøye planlagt, og neste steg no er sjølve utbygginga og oppstart, blir det opplyst.

Les også:



Podcast:


Mest lest på NETT NO:


Publisert: 28.01.2021 15:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:13