98b8606f b44d 4ff2 be6c 775c06f5c79d Sensor 1
SENSOR: Varda Care sin sensor skal kunne plasserast båd ei senger og stolar. Foto: Varda Care
Nytt

Fekk inn 8,6 millionar

Sluttspurt sikra Varda Care 8,6 millionar kroner i ny eigenkapital.

13.10.2022

Først nest siste dag av teikningsperioden var det klart at Varda Care ville nå minstemålet på åtte millionar kroner i ny eigenkapital. Interessa dei to siste dagane sikra at selskapet passerte minstemålet med god margin.

Då teikningsperioden var over klokka 18.00 onsdag 12. oktober var fasiten 8,6 millionar kroner i ny eigenkapital.

Varda Care i Ålesund er spunne ut av velferdsteknologisatsinga til Helland Møbler i Stordal, og leverer sensorar som kan varsle om helsetilstanden til brukarane, og om brukarane treng hjelp frå pleiarar eller pårørande.

Før kapitalutvidinga er Varda Care verdsett til 26,5 millionar kroner. Den nye eigenkapitalen på 8,6 millionar kroner utgjer ein eigenandel på 24,5 prosent av selskapet.

Største aksjonær før kapitalutvidinga var Helland Eiendom, med 61,1 prosent av aksjane. Helland Eiendom var også med på kapitalutvidinga, med 1,35 millionar kroner.

Helland Eiendom er eigd av Joakim, Rune og Sindre Helland. Det er eit eigedom- og holdingselskap som også eig Helland Møbler.

Publisert: 13.10.2022 08:31

Sist oppdatert: 13.10.2022 08:31

Mer om