Nytt
Fekk kjapt erstatta utanlandske turistar med norske
Få dagar etter regjeringa varsla at Noreg er stengt for utanlandske turistar til 20. juli, hadde Sande Camping erstatta utanlandske gjestar med nordmenn.
20.05.2020
Mangel på avklaring om reiserestriksjonar gjorde at Turid Sande Beinnes frykta å kome i ei klemme mellom utanlandske gjestar som held på reservasjonane sine i håp om å få ta sin planlagde ferie i Noreg.
Faren var at styresmaktene skulle vente så lenge med å avklare om og kor lenge innreiserestriksjonane ville bli forlenga, at det ville bli for kort tid til å nå norske kundar om grensene framleis skulle vere stenge for turistane.
Men med avklaringa førre veke om at restriksjonane varer til 20. juli blei reservasjonane frå utlandet kansellert, og allereie no har Turid Sande Beinnes fått nye kundar som har bestilt dei fleste hyttene utlendingane hadde reservert.
Beleggsprosenten i juli er oppe i 69 prosent og er i nærleiken av nivået før avbestillingane frå utlandet, fortel Sande Beines til NETT NO.
Turid Sande Beinnes eig og driv Sande Camping ved Lovatnet i Stryn saman med ektefellen Magne Beinnes og leiger ut plass til bubilar, campingvogner og telt, i tillegg til 14 hytter og leilegheiter.
Frå 20.juli og fram til 15.august er forebels beleggsprosent på 38 prosent. Av 218 bestilte døgn (som er hytter ganger med utleigde døgn per hytte) er 156 døgn bestilt av utlendingar.
- Når vi ser på det resultatet, så får vi håpe at grensene opnar etter 20. juli! For visst alle dei utanlandske bestillingane dett ut etter 20.juli er eg redd vi får litt problem. Kanskje ikkje for resten av juli – men i alle fall for august, skriv Sande Beinnes i ein epost til NETT NO.
Faren var at styresmaktene skulle vente så lenge med å avklare om og kor lenge innreiserestriksjonane ville bli forlenga, at det ville bli for kort tid til å nå norske kundar om grensene framleis skulle vere stenge for turistane.
Men med avklaringa førre veke om at restriksjonane varer til 20. juli blei reservasjonane frå utlandet kansellert, og allereie no har Turid Sande Beinnes fått nye kundar som har bestilt dei fleste hyttene utlendingane hadde reservert.
Beleggsprosenten i juli er oppe i 69 prosent og er i nærleiken av nivået før avbestillingane frå utlandet, fortel Sande Beines til NETT NO.
Juli blir viktigare i år
Juli er den viktigaste feriemånaden for nordmenn, og er difor ekstra viktig for reiselivsnæringa i år.Turid Sande Beinnes eig og driv Sande Camping ved Lovatnet i Stryn saman med ektefellen Magne Beinnes og leiger ut plass til bubilar, campingvogner og telt, i tillegg til 14 hytter og leilegheiter.
Håpar på meir
Sjølv om besøket i juli fram til 20. juli ser ut til å bli bra, håpar Sande Beinnes på fleire gjester i siste del av sommaren.Frå 20.juli og fram til 15.august er forebels beleggsprosent på 38 prosent. Av 218 bestilte døgn (som er hytter ganger med utleigde døgn per hytte) er 156 døgn bestilt av utlendingar.
- Når vi ser på det resultatet, så får vi håpe at grensene opnar etter 20. juli! For visst alle dei utanlandske bestillingane dett ut etter 20.juli er eg redd vi får litt problem. Kanskje ikkje for resten av juli – men i alle fall for august, skriv Sande Beinnes i ein epost til NETT NO.
Publisert: 20.05.2020 16:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57