Fiskebåtreiarlaget Arctic Swan, med Einar Jan Remøy som største eigar, har fått løyve til å fiske snøkrabbe i Barentshavet etter å ha klaga på det opphavlege avslaget.
Det er Nærings og Fiskeridepartementet som har har gitt medhald i klagen, og dette er andre gang departementet overprøvar eit vedtak i Fiskeridirektoratet, skriv avisa Fiskeribladet.
Nett No har føre
Fleire klager
Det er advokat Ulf Sørdal i advokatfirmaet Sands som har hjelpt Arctic Swan med klagen.
Sørdal seier han har fleire andre oppdrag med klager på avslag på søknad om å drive snøkrabbefiske. Hans vurdering er at nokre av desse klagene er så godt begrunna at det blir rettsak dersom departementet ikkje gjer om avslaga frå Fiskerdirektoratet.
Fleire fartøy
Vilkåra for å få løyve til å fiske snøkrabbe er stramma kraftig inn i år.
Ifølgje Sørdal er målet med innstramminga å avgrense talet på båtar for å gjere fisket lønsamt, og å avgrense konfliktar når det gjeld plassering av teinene.
Trass i innstramminga vil det vere fleire som driv snøkrabbefiske i år enn i fjor, seier han.
Det andre selskapet som har fått medhaldi klagen er LHN Fiskeri på Godøya, med båten K. Nyvoll, skriv Fiskeribladet.
Publisert: 23.01.2025 10:30
Sist oppdatert: 23.01.2025 13:33