Sjobris foto
MEDHALD: Saksøkjarane arbeidde ombord i Sjøbris (biletet), som også fiska kvota til eit anne selskap i Teige Rederi-systemet. Foto: Wikimedia
Nytt

Fekk medhald i krav mot Teige Rederi

Retten meiner to av mannskapet fekk for lite betalt.

14.03.2024

Maskinoffiserane Magne Lystad og Anders Helde Kvalsund kravde tilsaman 443.368 kroner i erstatning frå Teige Rederi i Herøy. Begge slutta i selskapet i løpet av hausten 2022, men meinte dei hadde utbetalingar til gode, og gjekk til sak.

Kravet gjeld manglande utbetalt annsiennietstillegg for Lystad og lott for begge.

I tillegg til å betale kravet må reiarlaget også betale sakskostnadane til Lystad og Kvalsund, på 5500 kroner.

Usamd med kravet
Teige Rederi meinte Lystad allereie hadde fått ansiennitetstillegget, og at dei to ikkje var tilsett i Teige Rederi, men i selskapet Teigebris II, eit anna selskap i Teige Rederi-systemet. Dei kravde lott for fiske på ei kvote som ikkje tilhøyrde deira arbeidsgivar og som dei ikkje deltok i, etter Teige Rederi sitt syn.

Den vurderinga var retten ikkje samd i, og gav Lystad og Kvalsund medhald.

Nybygg og omorganisering
Bakgrunnen for usemja er ulike vurderingar av konsekvensen av fleire endringar i Teige Rederi-systemet, der Sigurd Teige og familie, er eigarar.

Nybygget "Sunny Lady" var forseinka frå verft i Tyrkia. Fartøyet nybygget skulle erstatte - Leikvin - var allereie seld, og Teige Rederi fekk fiske kvota til Leikvin med fartøyet Sjøbris, som var eigd av Teigebris II.

Publisert: 14.03.2024 12:00

Sist oppdatert: 14.03.2024 13:03

Mer om