Foto Geiranger Bakeri
FLEIRE AVDELINGAR: Kring 28 tilsette - om lag halvparten av dei på fulltid - jobbar ved dei ulike Geiranger Bakeri-avdelingane. I løpet av året blir det fleire utsal.
Nytt

Fekk medhald i retten - bakerigründer kan sjå framover

Stein Lystad fekk gjennomslag i retten og slepp karantene. No kan han konsentrere seg om dei nye avdelingane dei vil opne.

Marius Rosbach
02.02.2021

Bakerigründer Stein Lystad får ikkje konkurskarantene, ifølgje ei avgjerd frå Sunnmøre tingrett.

Bustyrar Camilla Maria Solbakken som handterte konkursbuet etter selskapa GB Geiranger og GB Produksjon, meinte at Lystad burde få karantene som følgje av uforsvarleg forretningsførsel.

Det var ikkje tingretten samd i og tilkjente gründeren samtidig dekking av sakskostnadene.

Det var naturleg nok ein letta bakerigründer NETT NO snakka med etter avgjerda som var klar måndag.

– Eg kjente meg trygg på at vi ikkje hadde gjort noko ulovleg, men vi har teke lærdom når det gjeld å bli betre på dokumentasjon, fortel Lystad.

Skal opne nye avdelingar
Ei karantene kunne gjort det vanskeleg å gjennomføre dei vidare planane for bakeriverksemda, men no kan Lystad sjå framover.

Lystad er medeigar i selskapa GB Ålesund og GB Devold, som driv bakeri på Devoldfabrikken og Kremmergaarden i Ålesund. I tillegg er han deleigar i kafé og utsal i Volda.

– Det meste av bakinga skjer på Devoldfabrikken, så blir varene frakta kvar morgon til dei andre avdelingane. I løpet av året har vi også planar om å opne nye utsal, fortel Lystad.

– Dette er noko folk vil ha
Gründeren er overtydd om at verksemda har livets rett, og sjølve drifta i dei nye selskapa gjekk med overskot i fjor.

– Vi tok ein del investeringar som gjer at rekneskapen truleg endar med eit venta minus. Men vi kjenner oss trygge på det vi er i ferd med å bygge opp, og at dette er noko folk vil ha, seier han.

Kvifor dei to selskapa GB Geiranger og GB Produksjon gjekk over ende forklarar han slik:

– Det var ein del «bagasje» då eg kom inn, som vi forsøkte rydde opp i. Men då Covid gjorde sitt inntog hadde vi ikkje lengre utsikter til verksemd for sommaren 2020, og var nøyd til å sette punktum, fortel han.

Bustyrar kritisk til samanblanding
Det var i midten av januar at tingretten hadde saka til handsaming, etter at gründeren bad om forhandlingar.

Det var i hovudsak overføringar på nær ein million kroner mellom selskapa, som bustyrar var kritisk til, og meinte det var gjort ein samanblanding av selskapa som kvalifiserte til uforsvarleg forretningsførsel.

Lystad har forklart at han såg selskapa under eitt og at overføringane i sin heilheit var betaling for varer. Retten fann ikkje nokon grunn til tvile på det, og konkluderte med at det kritikkverdige difor gjaldt at det ikkje var laga vedlegg til rekneskapen.

Skal meir til for karantene
Tingretten konkluderer med at dei kritikkverdige forholda alt i alt ikkje er så grove at det er rimeleg med karantene. Det ville i tilfelle ført til at Lystad ikkje kunne ta på seg nye roller i selskap.

Konkurskarantene nyttast som regel mot sokalla konkursryttarar, som er involvert i fleire konkursar. Retten påpeiker dette er første gong Lystad er involvert i konkurs.

Retten viser også til at det ikkje er unndrege midlar, til dømes til personleg vinning, og at Lystad har samarbeida med bustyrar.

Les også: Vil ha karantene for bakerigründer

Åtte misser jobben etter konkurs

Konkursbølgja kom ikkje i koronaåret

Rekordmange gründerar - dette er fellene du bør unngå


Eg kjente meg trygg på at vi ikkje hadde gjort noko ulovleg, men vi har teke lærdom når det gjeld å bli betre på dokumentasjon

Publisert: 02.02.2021 05:55

Sist oppdatert: 14.01.2023 00:16