Fekk ny tru paa festivalsommaren
JUGENDFEST: Momemtium-sjef og medeigar Ante Giskeødegård er glad for at festivalarrangøren kan jobbe for fullt med å planlegge for sommaren. 
Nytt

Fekk ny tru på festivalsommaren

Sjølv om mykje framleis er uklart, er Momentium-sjefen nøgd med avklaringar frå kulturministeren.

01.02.2021

(NPK-NTB-NETT.NO): Kulturminister Abid Raja møtte måndag festivalarrangørar frå heile landet for å diskutere moglege scenario for gjenopning av festivalsommaren.

Mellom dei som deltok var Ante Giskeødegård frå Momentium, som mellom anna arrangerer Jugendfest og Sommerfesten.

– Eg opplevde dialogen som positiv og vi fekk ei forsikring om at vi er lange framme i tankane til kulturministeren, fortel Giskeødegård til NETT NO.

– Ein kjempestor jobb som skal gjerast
Målet med møtet var å gjere det meir føreseieleg for arrangørar å planleggje ein trygg festivalsommar. Sjølv om det vanskeleg å seie noko sikkert førebels om korleis smittesituasjonen vil vere til sommaren, har arrangørane fått beskjed om å bu seg på å arrangere festivalar som vanleg – men naturlegvis i tråd med smittevernreglane.

Giskeødegård meiner tiltakspakka som blei lagt fram førre veke var ei viktig avklaring for at dei an tørre satse.

– Det er eit viktig og positivt signal, og ei forsikring om at det vil vere mogleg å halde folk i jobb. No har vi sju-åtte personar i sving med å planlegge. Uansett korleis smittesituasjonen er når vi kjem til sommaren, er det ein kjempestor jobb som skal gjerast, seier han.

Ansvarleg haldning
FHI og Helsedirektoratet møtte arrangørar frå heile landet saman med kulturministeren.

nettnohalf

– Arrangørane var opptekne av at det skulle vere trygt, sikkert for publikum og føreseieleg. Så det var sånn sett eit oppløftande møte. Alle har uttrykt ei ansvarleg haldning, seier Raja.

Førre veke foreslo regjeringa ein auke på totalt 650 millionar kroner løyvingane i perioden juli-august fordelt på 350 millionar til kultur og 300 millionar til frivillige og idrett. Det er ein del av den nyaste koronakrisepakken til regjeringa.

– Vi veit ikkje enno kva tiltaka kjem til å vere, men vi veit at det kjem til å koste noko, seier Raja.

Verken «worst» eller «best» case
Han seier at dei først utover våren kjem til å vite meir om korleis festivalane kan arrangerast. Fordelinga av pengane vil då vere avhengig av både kor mykje inntekt festivalane kan få inn på eiga hand, noko som er avhengig av talet på publikum som får vere der, og kor mykje ekstra utgifter dei bruker på smitteverntiltak.

Dette skal aktørane på dagens møte ha stilt seg positive til.

– Eg opplevde òg at dei var glade for at vi hadde tenkt mange av desse scenarioa frå i fjor. Vi har eigentleg frå 2020 vurdert og planlagt ulike scenario for i år, seier han og legg til:

– Det blir nok verken «best case» eller «worst case» til sommaren. Verken full fest eller heilt tomt, men ein stad midt imellom.

Lagar rettleiarar for gjenopning
Det skal arrangerast eit nytt møte om to veker, der også arrangørar frå idretten, mindre festivalar og spel skal vere med. Fram til då skal festivalaktørane arbeide fram utkast som skal rettleie om korleis gjenopninga kan bli. Forslag om korleis publikum kan dele seg i kohortar, og andre smitteverntiltak blir planlagde, slik at det blir meir føreseieleg for arrangørane.

Kulturministeren seier han håpar det vil bli gjennomførte festivalar og arrangement som planlagt denne sommaren.

– Eg er forsiktig optimist. Eg vil gjerne at vi kjem dit: at befolkninga blir vaksinert, og at vi kan opne i takt med det, seier Raja.

Les også: Halvering av kinobesøket i fjor

Faller mellom alle stoler – ber fortvilt om hjelp

Momentium-sjefen: – Har opplevd reglane som heilt absurde

Momentium har sikra seg til sommaren 2021

(©NPK)


 Eg opplevde dialogen som positiv og vi fekk ei forsikring om at vi er lange framme i tankane til kulturministeren

Publisert: 01.02.2021 22:42

Sist oppdatert: 17.06.2021 00:49