Bjorli slalambakke foto Jan Tore Egge Wikimedia commons
NY EIGAR: Eit nytt selskap med mange av dei gamle eigarane blir ny eigar av skianlegget på Bjorli. Foto: Jan Tore Egge Wikimedia Commons
Nytt

Fekk på plass avtale for skisenteret på Bjorli

Blir kjøpt tilbake etter konkursen. Satsar på ny drift til 2025/2026-sesongen.

20.06.2025

Etter at Bjorli Skisenter gjekk konkurs med 40 millionar kroner i gjeld i starten av mai har tidlegare eigarar og nye investorar arbeidd for å få kjøpt skianlegget attende, og sikre vidare drift. No er forhandlingane med hovudkreditoren, Sparebanken Møre, i mål.

Bjorli Skisenter eigde og dreiv skianlegget på Bjorli, som mellom anna omfatta stolheis og skitrekk. 

Bjorli Skisenter var i sin tur eigd av Bjorli Skisenter Holding, med fleire kjente personar frå næringslivet på Nordvestlandet som medeigarar. 

No støttar noverande og nye aksjonærar i Bjorli Skisenter Holding opp om eit tilbakekjøp av skianlegget. Det skjer gjennom selskapet Bjorli Service, som vil bli eit heieigd datterselskap av Bjorli Skisenter Holding, ifølgje ei pressemelding.

Intensjonavtale
Sjølv om partane er samde er det framleis ein avtale med atterhald, fordi det stå att å reise den kapitalen som må til. Det arbeidet er førebels ikkje fullført enno, ifølgje Stian Amundsen, som inntil vidare er dagleg leiar i Bjørli Service.

Før konkursen var Bjorli Skisenter i gang med å vedlikehald og utbetringar for å få godkjent stolheisa i anlegget for 15 nye år. 

Med konkursen forsvann også den naudsynte godkjenninga frå Statens Jernbanetilsyn, men Amundsen seier det nye selskapet får halde fram der det gamle slapp.

Det utgjer ein "enorm besparelse" samanlikna med om det nye selskap måtte starte godkjenningsprosessen heilt frå grunnen av, seier han.

Amundsen seier at eit grovt overslag er at det vil koste mellom fem og sju millionar kroner og sette skianlegget i stand til vintersesongen. 

Nye løyve
Konkursen i Bjorli Skisenter gjorde at alle løyve til å drive heisanlegga blei oppheva.

Ei av oppgåvene til Bjorli Service blir å få godkjenningane tilbake tidsnok til komande vintersesong. 

"Tilbakekjøpet gjør det mulig å fullføre større periodisk vedlikehold, søke om nye driftstillatelser og sikre raskt gjenopptatt drift. Bjorli Service AS vil snarest mulig ansette kompetent personell for å drive og utvikle skisenteret i årene som kommer.", heiter det i pressemeldinga.

Avtale på tredje forsøk
To gangar har Sparebanken Møre vendt tommelen ned for investorgruppa sine bod på å kjøpte attende anlegget, men i tredje runde vart partane samde.

Pressemeldinga opplyser ikkje om kva investorane betalar og heller ikkje kven som blir nye medeigarar.

Sparebanken Møre opplyser til NettNo at banken ikkje blir ein av dei nye medeigarane. Banken ønskjer heller ikkje å opplyse prisen.

Publisert: 20.06.2025 13:54

Sist oppdatert: 20.06.2025 16:47

Mer om