Nytt
Fekk rekordstort ombyggingsoppdrag for Røkke
Myklebust Verft i Gursken skal oppgradere brønnintervensjonsfartøyet AKOFS Seafarer.
21.08.2020
- Dette er ein gledens og historisk dag for alle våre tilsette, seier dagleg leiar i Myklebust Verft, Inge-Jonny Hide, i ei pressemelding tysdag.
Kontrakten er det største ombyggingsoppdraget verftet har vunne nokon sinne og er også det første, store prosjektet som verftet får inn i ordreboka etter at Myklebust og Kleven skilde lag.
- Oppdraget vil ha stor sysselsettingseffekt både for eigen arbeidsstokk og for ei rekkje underleverandørar, seier Hide.
Etter å ha vore i opplag sidan 2014, fekk Røkke sin superbåt endeleg kontrakt med Equinor.
Skipet skal utføre brønntenester på havbotnen i Nordsjøen, og oppstart på kontrakten er første halvdel 2020.
Den gong gjaldt det eit liknande fartøy, AKER Wayfarer.
- At dei no vel å kome tilbake til oss er ei solid tilbakemelding til alle våre tilsette og våre samarbeidspartnarar som jobbar her.
- Straks bakarane har klar kakene blir det kontraktsfeiring på verftet, seier Hide i pressemeldinga.
AKOFS Seafarer er 156,9 meter lang og 31,2 meter brei, og er innreidd for 140 personar.
AKOFS Offshore har i tillegg AKOFS Wayfarer og Skandi Santos.
Myklebust Verft er også aktuell for å få nybyggingskontrakter med brønnbåtselskapet Sølvtrans.
Kontrakten er det største ombyggingsoppdraget verftet har vunne nokon sinne og er også det første, store prosjektet som verftet får inn i ordreboka etter at Myklebust og Kleven skilde lag.
- Stor sysselsettingseffekt
Etter planen skal fartøyet kome til verftet i mai og størstedelen av arbeidet frå verftet si side skal vere utført innan oktober 2019.- Oppdraget vil ha stor sysselsettingseffekt både for eigen arbeidsstokk og for ei rekkje underleverandørar, seier Hide.
Etter å ha vore i opplag sidan 2014, fekk Røkke sin superbåt endeleg kontrakt med Equinor.
Kontrakt til tre milliardar
Gjennom Røkke-selskapet Akastor er det inngått ein femårig intensjonsavtale, pluss opsjon på ytterlegare tre år, der oljeselskapet skal leige AKOFSSeaferer for 370 millionar dollar, eller rundt tre milliardar kroner.Skipet skal utføre brønntenester på havbotnen i Nordsjøen, og oppstart på kontrakten er første halvdel 2020.
Kontraktsfeiring
Sande-verftet kjenner til AKOFS Offshore frå eit større oppdrag for tre år sidan.Den gong gjaldt det eit liknande fartøy, AKER Wayfarer.
- At dei no vel å kome tilbake til oss er ei solid tilbakemelding til alle våre tilsette og våre samarbeidspartnarar som jobbar her.
- Straks bakarane har klar kakene blir det kontraktsfeiring på verftet, seier Hide i pressemeldinga.
156,9 meter
Fartøyet skal vere klart til operasjon i løpet av første kvartal 2020.AKOFS Seafarer er 156,9 meter lang og 31,2 meter brei, og er innreidd for 140 personar.
AKOFS Offshore har i tillegg AKOFS Wayfarer og Skandi Santos.
Myklebust Verft er også aktuell for å få nybyggingskontrakter med brønnbåtselskapet Sølvtrans.
Dette er ein gledens og historisk dag for alle våre tilsette
Publisert: 21.08.2020 10:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31