Fekk selt bustadsatsing etter byggekonkurs
VELTA BYGGEFIRMA: Nordbohus Ålesund AS gjekk overende, mellom anna som følgje av satsinga på bustadprosjektet Gjerdegarden i Sula. 
Nytt

Fekk selt bustadsatsing etter byggekonkurs

Eit større bustadprosjekt i Sula og ein Spania-bustad er verdiar som er realisert etter Nordbohus Ålesund-konkursen. Krava er oppe i nær 50 millionar, men bustyrar er kritisk til fleire.

Marius Rosbach
09.05.2019

Bubehandlinga etter konkursen i Nordbohus Ålesund vil lukkast med å få dekning for pantekrav og prioriterte krav. Det er framleis usikkert om det vert dekning for dei uprioriterte krava.

Leiinga melde oppbod og Sunnmøre tingrett opna konkurs 14. desember i fjor. Same dag vart det registrert namneskifte for selskapet til Te&Prosjekt AS, for å beskytte kjedenamnet.

Bustyrar Anne Hovde opplyser at arbeidet med konkursen truleg vil gå føre seg ut året. I den andre beretninga til tingretten frå april vert det opplyst at det i hovudsak er jobba med å få oversikt og ha kontakt med enkeltkreditorar.

I det vidare arbeidet vil mykje dreie seg om å realisere verdiane i selskapet. Ole Martin Sæther er i gong med arbeidet som burevisor og vil mellom anna vurdere krava saman med bustyrar.

Les også: Tre byggefirma konkurs samme dag

Vart dyrare enn venta
Prosjektet med å bygge Gjerdegarden med 41 bustader i Sula skal ha vore mellom dei avgjerande årsakene til konkursen.

Selskapet har opplyst at prosjektet vart langt meir kostbart enn venta, mellom anna på grunn av problem med grunnforholda, ifølgje den første rapporten til tingretten.

Dei skal difor ha forsøkt å kvitte seg med prosjektet i lengre tid.

Selt for 12 millionar
No kan bustyrar opplyse at bustadsatsinga i Langevåg er selt til ein anna lokal aktør i Sula utan bindingar til konkursen.

– Vi har fått selt bustadprosjektet og vi håpar å få overtaking av omtrent alt, fortel advokat Anne Hovde til NETT NO.

Gjerdegaarden og Åregjerdet ver selt samla for 12 millionar. Sidan kontrakten ikkje er signert enno, vil advokaten vente med å gå ut med kva for firma det gjeld.

Taksten var på 18,75 millionar og eit bod på om lag det halve er tidlegare avvist.

Ved tidspunktet for konkursopninga stod det att å prosjektere 29 av bustadene i Gjerdegarden. Ein firemannsbustad var nesten ferdig og to av einingane var selt.

Selte Spania-leilegheit
Bustyrar har vore i møter i Spania for å realisere ei leilegheit som høyrde til selskapet. Ved at denne er overdratt til ny eigar, er buet tilført 1,4 millionar kroner.

– I tillegg er det ei tomt i Ålesund i selskapet, som vi er usikre på verdien av, seier Hovde.

Les også: Betre samhandling dobla omsetnaden for bustadbyggar

1. mai-kommentar: Fagrørsla taper terreng i byggebransjen

Krav på nær 50 millionar
Ifølgje beretninga frå april er det meldt inn 68 krav på til saman 48,3 millionar kroner. Bustyrar Anne Hovde påpeiker i den andre beretninga at fleire krav vil bli bestridd om dei vert oppretthaldt.

– Kravlista skapar eit inntrykk av at det er større gjeld enn det som er tilfelle, seier Hovde til NETT NO.

Mellom anna har Amfi Moa meldt inn krav på nær åtte millionar for husleige i heile den avtalte perioden. Dette er eit krav som truleg vert justert kraftig ned ved at ein ny leigetakar tek over lokala.

– Men 11 millionar i pantekrav og lønnskrav på 619.054 kroner er reelt, stadfestar Hovde.

Skal ha velta anna byggefirma
Selskap frå byggebransjen har vore involvert i ein rekke konkursar i distriktet dei siste åra, og mange har små marginar å gå på.

Uteståande frå Gjerdegården-prosjektet skal ha vore ei medverkande årsak til at Kovak AS (tidlegare Johnsen Bygg) nyleg melde oppbod.

– Det forundrar meg ikkje om det har gått hardt utover fleire av underleverandørane. Ein del har betydelege krav, seier bustyrar Hovde.

Les også: Tre byggefirma konkurs samme dag

Færre konkursar i Møre og Romsdal


Kravlista skapar eit inntrykk av at det er større gjeld enn det som er tilfelle

Publisert: 09.05.2019 05:54

Sist oppdatert: 25.05.2022 13:09