Fekk uventa utgifter etter hotellovertaking
ØRSTA: Ved Hotell Ivar Aasen vert det satsa meir på individuelt reisande og mindre på busslastar med turistar. 
Nytt

Fekk uventa utgifter etter hotellovertaking

Hotell Ivar Aasen gjekk i minus i fjor, men reiselivsdirektør Günther Dahler i Havila Holding lovar plusstal i år.

04.07.2018
- Hittil i år ser det bra ut. Vi ligg 900.000 føre eit relativt ambisiøst budsjett.
Havila Holding overtok Ørsta-hotellet 30. juni i fjor. Herøy-selskapet kjøpte hotellet for den symbolske summen på ei krone frå Sparebank1 Søre Sunnmøre.

Milliontap

Sjølv om inntektene auka med ein million kroner frå 2016 til 2017, enda resultatet før skatt på minus 3,5 millionar kroner. Året før var det minus to millionar.
Dahler seier at minusresultatet er eit resultat av at ein fekk ein del uventa utgifter etter hotellovertakinga.
- Dei ekstra kostnadene har vi tatt løpande over drifta, seier han.
Etter det NETT NO kjenner til gjeld dei ekstra kostnadene oppgradering av anlegget i forhold til brannkrav.

Færre turbussar

Dahler seier at ein har lukkast å få til ein betre miks av hotellkundar.
- Tidlegare sa ein ja til det meste av utanlandske turbussar.
- No seier vi nei til dei fleste av desse, og satsar meir på individuelle reisande både frå Norge og utlandet.

Lokalhotell

Dahler seier at dei individuelt reisande både betalar meir i gjennomsnitt for romet og i tillegg legg att meir i restauranten enn gruppeturistane som kjem med buss.
- I tillegg har vi lagt stor vekt på at vi skal vere eit aktivt lokalhotell.
- Vi har hatt fleire arrangement, og har lukkast med å trekke privatfolk og lokale bedrifter til hotellet.
Hotell Ivar Aasen er både drifts- og eigedomsselskap.
Selskapet hadde ved årsskiftet ei langsiktig gjeld på 47 millionar kroner.
Totalt er det rundt 20 tilsette ved hotellet.
Ps: Havila Holding eig 33,4 prosent av Bakkar og Berg Media AS - som gir ut NETT NO.

Publisert: 04.07.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23