Nytt
Felles satsing på straumsal
Tafjord, Tussa, og Sogn og Fjordane Energi startar nytt selskap.
Marius Rosbach
26.11.2020
Dei tre energikonserna Tafjord, Sogn og Fjordane Energi og Tussa planlegg eit felles selskap for straumsal til privat- og bedriftsmarknaden i regionen.
Det går fram av ei pressemelding fredag.
Selskapa er lokalisert i Ålesund, Sandane og Ørsta, og konsernsjefane i kraftselskapa trur satsinga vil kome både selskap, eigarar og kundar til gode.
- Sjølv om vi no planlegg eit regionalt samarbeid, vil det vere like viktig som før å vere til stades i lokalsamfunna våre, både med kundeservice og arbeidsplassar. Kundane skal framleis vite kvar dei finn oss, uttalar konsernsjefane i pressemeldinga.
Det er konserna sine selskap som driv sal av straum til privat- og bedriftsmarknaden, Tafjord Marked, SFE Kraft og Tussa-24, som no skal samarbeide.

Publisert: 26.11.2020 14:17
Sist oppdatert: 08.04.2021 17:23