Oslo børs
STEG: Hovedindeksen på Oslo Børs steg 0,15 prosent i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Felles trøst

Sparebanken Møre har ikkje vore ein børsrakett i det siste.

17.06.2024

I dag sikra ein oppgang på 1,22 prosent i kursen på eigenkapitalbevisa at Sparebanken Møre blei nummer to blant dei børsnotere selskapa på Nordvestlandet.

Eigenkapitalbevis er sparebankane sitt svar på aksjar, der eigarane er medeigarar i banken saman med andre eigenkapitalbevisiegarar og den sjølveigde delen av bankeigarskapen.

Frå haust 2008 til kursen nådde nesen 100 kroner i januar 2022 hadde eigenkapitalbevisa i Sparebanken ein langvarig opptur. Rett nok med nokre nedturara innimellom, men den som blei med heile vegen fekk omlag fire gangar høgare verdi på eigenkapitalbevisa sine i perioden. Den oppturen har så langt ikkje latt seg gjenskape og hittil i år er verdien på eigenkapitalbevisa i Sparebanken Møre krympa knappe ein prosent i verdi.

Dei siste 12 månadane har verdien stige knappe 10 prosent. Om Sparebanken Møre-eigarar tykkjer det er for lite, er dei ei viss trøyst i at det er omlag same verdistigning som for Sparebank 1 SMN og Nordea, og meir enn DNB ( 6,5 prosent).

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Hav Group 10,90 1,87 %
Sparebanken Møre 83,52 1,22 %
Hofseth Biocare 2,03 0,50 %
Romsdal Sparebank 109,50 0,37 %
Norva 24 Group* 28,95 0,35 %
Havila Kystruten 0,98 -0,41 %
Endúr 55,40 -0,54 %
Salmon Evolution 7,88 -0,88 %
Golden Energy Offshore Services 30,01 -3,21 %
Hexagon Purus 8,15 -3,89 %
Hexagon Composites 29,75 -4,34 %
Arctic Bioscience 9,70 -5,83 %
Havila Shipping 6,25 -7,68 %
Atlantic Sapphire 8,81 -9,35 %
* Kurs i SEK

Publisert: 17.06.2024 17:27

Sist oppdatert: 17.06.2024 17:27