Fem millionar mindre utan Stryn
FAMILIESELSKAP: Per Gunnar Frantzen (i midten) med sønene Andreas (til venstre) og Torstein eig Gangsø Holding, som driv med handel og eigedom.
Nytt

Fem millionar mindre utan Stryn

Nedlegginga av møbelbutikken i Stryn reduserte driftsinntektene til Gangsø Eftf med nesten fem millionar kroner.

23.07.2020
Frå 2015 og ut 2018 dreiv Gangsø Eftf Fagmøbelbutikk både i Måløy og Stryn, Ved årsskiftet 2028/2019 stengde selskapet dørene i Stryn.
- Vi klarer ikkje å oppnå nok omsetning til å dekke kostnadane våre, sa Per Gunnar Frantzen i familieselskapet Gangsø Holding om butikken i Stryn i november 2018. Då var butikken i ferd med å selje ut varelageret, og frå starten av 2019 var selskapet attende til å drive møbelbutikk berre i Måløy.

Nedlegginga i Stryn er hovudårsaka til nedgangen i driftsinntekter frå 2018 til 2019 (sjå tabell), seier Andreas Frantzen. Han er økonomiansvarleg for Gangsø Eftf og driv i tillegg sportsbutikk i Måløy.
Gangsø Eftf har vurdert ei reetablering i Stryn, men har førebels ikkje funne eit attraktiv lokale eller tomt, og per i dag er reetablerin heller ikkje noko selskapet arbeider med.

Familiebedrift

Gangsø Eftf er det største selskapet under Gangsø Holding-paraplyen, eit holdingselskap som idag er eigd av Per Gunnar Frantzen og sønene Andreas og Torstein.
Det nest største selskapet er Sports Måløy, med Andreas Frantzen som dagleg leiar.
Sportsbutikken gjekk for to år sidan inn i den forhandlareigde sportsbutikk-kjeda Stadion etter tidlegare å ha vore tilslutta MX-kjeda. Kjeda har passert 110 medlemsbutikkar, og har basert seg på eit samarbeid der butikkane sjølve både styrer profilering og vareutval.

Eigedom

Eigedom er det tredje beinet til selskapa under Gangsø Holding, med P.G. Frantzen Eiendom som det største selskapet.
P.G. Frantzen Eiendom eig og driv kjøpesenteret i Deknepollen, på fastlandet aust for Måløy sentrum.

Publisert: 23.07.2020 16:00

Sist oppdatert: 29.03.2021 10:28