Fengsel og erstatning etter grove bedrageri
SVINDEL OG KONKURS: Ulike formar for svindel og påfølgjande konkursar har prega forretningsverksemda til mannen.
Nytt

Fengsel og erstatning etter grove bedrageri

Tingretten meiner bedriftseigar i Ålesund planmessig nytta forretningsverksemda til svindel.

Marius Rosbach
04.09.2020

Ein tidlegare eigar og dagleg leiar av Ålesund-bedrift er dømt til fengsel i eitt år og åtte månader for ei rekke grove bedrageri.

Ifølgje dommen frå Sunnmøre tingrett må mannen også betale erstatning til Ikano Bank på 266.255 kroner og 13.141 kroner til Ålesund kommune.

Dei mest alvorlege forholda i tiltalen på meir enn 20 punkter, var åtte tilfelle av grove bedrageri. Dei fleste av svindeltilfella dreia seg om sal og leasing av kopimaskinar, der både leasingselskap og kundar har fått feil opplysningar frå den domfelte.

I fleire av sakene har mannen lurt finansieringsselskap til å kjøpe det som skulle vere nye kopimaskinar, som i realiteten var brukt. Etterpå blei dei leasa videre til kundar som trudde dei fekk levert nye kopimaskinar.

Svindel for minst éin million kroner
Retten meiner bedrageria er utført som ein planmessig forretningsverksemd over ei periode på to år, og at det er skjerpande at han har utnytta ei tillitsordning som er avgjerande for ei veletablert ordning for sal og formidling av leasingavtalar, heiter det i dommen.

Til saman førte svindeltilfella til eit tap, eller risiko for tap, på minst ein million kroner, ifølgje dommen.

Har erkjent dei fleste forholda
Rettssaka mot mannen skulle eigentleg gått i Sunnmøre tingrett i vår, men blei utsett grunna koronasituasjonen. Forseinkingane gjer at mannen får ein strafferabatt på eit par månader.

Mannen har erkjent dei fleste forholda, noko som også taler i formildande retning.

Retten meiner likevel at saka er so alvorleg at det ikkje var grunn til å følgje påstanden frå forsvarar, som bad om at straffa blei gjort helt eller delvis på vilkår.

Selte hjartestartarar som ikkje blei levert
Mannen er også dømt for å ha lurt Ikano Bank til å kjøpe to hjartestartarar for vidare leasing til Stranda kommune. Mannen forfalska leveransegodkjenning, men hjartestartarane blei aldri levert.

Dommen omtalar fleire tilfelle der mannen har sendt faktura for varer eller tenester som ikkje er levert. Han har ifølgje dommen også belasta firmaet sitt for private kjøp av ein båt og boblebad .

Mannen er vidare dømt for ikkje å ha ført rekneskap i eit selskap han eigde og var dagleg leiar for. Firmaet er eitt av fleire, der mannen har vore involvert, som har gått konkurs. Han har tidlegare fått konkurskarantene, som betyr at han har forbod mot å drive forretningsverksemd i to år.

Firma knytt til mannen fekk krisestøtte
NETT NO har tidlegare omtala korleis eit nytt firma som er oppretta på privatadressa til mannen, fekk pengar frå kontantstøtteordninga styresmaktene oppretta som følgje av koronakrisa.

Dette forholdet er ikkje omtala i dommen. Skattestyresmaktene har tidlegare opplyst til NETT NO at dei ikkje kan opplyse om enkeltfirma ha fått krav om tilbakebetaling av støtte frå kompensasjonsordninga.

Meir om saka: Tiltalt for grov svindel etter konkurser

Bråstopp i firma som solgte hjertestartere

Firma tilknyttet svindeltiltalt fikk krisestøtte

Forbereder søksmål etter konkurs


Publisert: 04.09.2020 16:43

Sist oppdatert: 03.03.2022 22:48