Ferdig med prestisjejobb
PERMITTERINGSVARSEL: Etter eit godt 2019 og godt 1. halvår har Myklebust Verft-sjef Inge Jonny Hide to ombygging-/reparasjonsoppdrag og ei nybyggingkontrakt i ordreboka og ledig kapasitet på kort sikt.
Nytt

Ferdig med prestisjejobb

Men no får halve arbeidsstokken ved Myklebust Verft permitteringsvarsel.

21.08.2020
Akofs Seafarer vart overlevert frå verftet onsdag, og reiarlaget testar no skipet i Voldsfjorden.
Oppdraget med oppgraderng av skipet var det første Myklebust Verft i Gursken fekk på eiga hand etter at verftet var skilt ut frå Klevenkonsernet. Oppdraga som verftet fekk med seg ved delinga var fullført, og leiing og tilsette såg inn i ein uviss framtid.
Verftet hadde tidlegare montert tårn på søsterskipet til Akofs Seafarer, og no kom det Kjell Inge Røkke-dominerte selskapet attende med eit nytt oppdrag.
- 12. februar 2019 var ein lykkedag, då vi fekk signert denne kontrakten, seier Myklebust Verft-sjef Inge-Jonny Hide.

Nybyggingsoppdrag

Partane har ikkje gått ut med prisen på oppdraget.
Hide seier arbeidsinnsatsen for å gjennomføre oppdraget tilsvarar den verftet må legge ned i eit typisk nybyggingsoppdrag og at oppdraget etterkvart blei større enn opphavleg planlagt.
Både 2019 og første halvår i år har vore godt for verftet, seier Hide.

Permitteringar

På kort sikt er det meir uvisse for verftet. Halve arbeidsstokken har fått permitteringsvarsel på grunn av uvissa og Hide håpar ledig kapasitet i dokka kjapt skal gi nye oppdrag.
Verftet har ein lastebåt under ombygging, og har nettopp fått jobb med å reparere ein brønnbåt.
I Tyrkia er skroget til ein brønnbåt som skal utrustast ved verftet klar for sleping til kort tid og vil kome til verftet i haust.

Publisert: 21.08.2020 13:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01