Ferjer for 3 5 milliarder kroner
FLEIRE FERJER: Fjord 1 skal bestille ytterlegare seks ferjer og fire ombyggingar.
Nytt

Ferjer for 3,5 milliarder kroner

Fjord 1 vil ha ferjer for 3,5 milliardar kroner under bygging i løpet av 2017-2019.

06.11.2017
Ferjereiarlaget er i marknaden for hente inn tilbod på nybygg og ombyggingar til alle ferjessambanda selskapet har fått.
Reiarlaget har allereie inngått nybyggingskontaktar for rundt 2,3 milliardar kroner etter å ha vunne ei rekkje anbodskonkurransar om drive ferjestrekningar.
I følgje ein selskapspresentasjon må selskapet ha ytterlegare seks nybygg og fire ombyggingar av for å innfri krava til ferjematriell på strekningane selskapet har vunne. Saman med kontraktar som alt er arbeid utgjer det investeringar på 3,5 milliardar kroner.

Hentar pengar

Selskapspresentasjonen som blei sendt ut som ei børsmelding i dag er ein del av arbeidet med finansieringa av selskapet i samband med dei store byggeoppdraga.

Fjord 1 vil låne inntil ein milliard kroner i obligasjonsmarknaden, og arbeider og med å få på plass ei langsiktig bankavtale.

Tre verft

I dag har Fjord 1 13 ferjer under bygging fordelt på tre skipsverft, Havyard Ship Technology, Fjellstrand og Tersan Shipyard i Tyrkia. Sævikfamiliens selskap Havila Holding er største eigar i både Fjord 1 og Havyard Ship Technology.
Ferjene som er under bygging blir levert i 2017-2019.

Publisert: 06.11.2017 10:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15