Fjord1, Norled og Torghatten har saman sendt varsel om søksmål skriv Finansavisen. Ifølgje avisa er det snakk om ekstrakostandar på fleire titals millionar kroner.
Reiarlaga meiner dei har fått for lite kompensasjon for ekstrakostnadane etter at det blei innført CO2-avgift på naturgass, som blir brukt på ein del ferjesamband som dei tre reiarlaga driv.
"Vi ønsker en prinsipiell avklaring om kompensasjon for en avgiftsøkning verken vi eller de andre rederiene kunne forutse", seir driftsdirektør André Høyset i Fjord1 til Finansavisen.
Partane har forhandla om ei løysing, men ikkje kome i mål. Fristen for å ta striden til retten går ut ved årsskiftet.
Publisert: 30.11.2021 08:27
Sist oppdatert: 30.11.2021 09:09