Filantrop med tru paa papir
DELER UT: Stiftingar kjem til å spele ei auka rolle i samfunnslivet framover, meiner administrerande direktør André Støylen i Sparebankstiftelsen DNB, som denne veka kjøpte aviskonsernet Amedia. 
Nytt

Filantrop med tru på papir

Denne veka la han nesten 400 millionar på bordet og blei møtt med jubel i Amedia-redaksjonane.

26.02.2016
Det som opphavleg var Arbeidarpartiavisene i Noreg har fått ny eigar, med Høgre-mann og utflytta sunnmøring André Støylen i spissen.
Støylen er administrerande direktør i Sparebankstiftelsen, som eig rundt 10 prosent av aksjane i DNB og brukar utbyttet til bidrag til samfunnsnyttige formål. For eksempel til å oppretthalde norsk eigarskap i Amedia.
I dag har vi langt på veg berre tre aviskonsern i Noreg.
- At eitt av dei er eigd av ein sjølveigande stifting har ikkje eg som høgremann noko i mot, seier Støylen.

Viktig funksjon

Vurderinga av om Sparebankstiftelsen skulle bli aviseigar starta alt i fjor haust. Telenor og LO har lenge vurdert å kvitte seg med eigarskapet i konsernet, som omfattar over 140 lokalaviser landet rundt. Blant dei er Tidens Krav i Kristiansund og Firda i Førde.
Det er lokalavisene som skriv om frivillig arbeid og kulturlivet, som Sparebankstiftelsen er opptatt av å bidra til. Avisen fungere som eit lim som bind lokalsamfunn saman på ein heilt annan måte enn sosiale medier kan, meiner Støylen.
- Lokalavisene er viktig for det vi støttar, seier han.

Papir viktig

Sparebankstiftelsen DNB er først og fremst ein eigar av Amedia. Konsernet må sjølv syte for at det har økonomi til drifta, og ikkje belage seg på at stiftinga også skal stille med midlar til drift.
Sparebankstiftelsen vil heller ikkje gå direkte inn i styringa av Amedia, men skipe ei eiga stifting for å eige avis-konsernet.
Trass i at engasjementet i Amedia vil vere på ein armlengds avstand har Støylen likevel eitt klart råd: Ikkje forsøm papiravisene.
- Papiret ber ein større annonseverdi enn det digitale, seier han. Å forsømme papiravisene er betyr fare for å kutte ned på inntektene i raskare takt enn dei blir erstatta frå digitale produkt, og det er ingen god ide, slik Støylen ser det.
Stiftinga gjekk ikkje inn i Amedia for å tene pengar, men det er ikkje eit mål å tape heller.
- Vi hadde ikkje gjort det viss vi ikkje trudde båten bar, seier han.

Politikken på hylla

Støylen er fødd i Ørsta, men flytta til Oslo for å ta utdanning og har blitt der sidan. Han er siviløkonom frå BI i 1995, og har vore heiltidspolitikar for Høgre i to omgangar, første omgang i Unge Høyre, der han blant anna var leiar i 1994-1996. Han har arbeidd i PR-selskapet Geelmuyden Kiese, konsulentselskapet McKinsey og som økonomidirektør i Norges Røde Kors.
I 2001 vende han attende i politikken, som statssekretær i Miljøverndepartementet i 2001–2002, og byråd for finans og utvikling i Oslo åra 2002–2007. Han var og nestleiar i Oslo Høyre i 2006–2008, før han tok jobb i McKinsey og forlet politikken på ny.
Heiltidspolitikar på livstid har aldri vore målet.
- Eg er politisk interessert, men eg hadde aldri tenkt at eg skulle ha ein politisk karriere.
Han utelukkar ikkje eit politisk comeback, men ikkje no.
- Som far til tre under 10 år er det meir behageleg å vere direktør i stiftelsen enn å vere politikar, seier Støylen.

Vekstområde

1. januar byrja han som administrerande direktør i Sparebankstiftelsen DNB, som blei oppretta av Gjensidige NOR Sparebank i 2002 då banken blei en del av DNB. Stiftinga har delt ut nesten 2,5 milliarder kroner til allmennyttige formål sidan starten.

Støylen svara ja med ein gong han fekk tilbod om jobben, mellom anna fordi stiftingar er eit område i vekst.
- Det var tiltalande at stiftingar er i ferd med å få ei tiltakande rolle, seier Støylen.
Han trur stiftingar med samfunnsnyttige formål kjem til å bli både større og fleire.
Det er mellom anna 30 sparebankstiftelsar i Noreg, som har bygd opp ein aukande formue i takt med at bankane har tent pengar. I tillegg kjem private stiftingar, som til dømes .
Papiret ber ein større annonseverdi enn det digitale

Publisert: 26.02.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:53