FDA FMV W27 M illustrasjon FMV
NY BÅTTYPE: Servicebåtane som Fitjar Mekaniske Verkstad skal byggje, er eit resultat av samarbeid mellom verftet og kunden. Illustrasjon: FMV
Nytt

Finnøy leverer til to nye fartøy

Kontrakt med trufast kunde på båtar som skal byggjast på Fitjar.

Marius Rosbach
23.11.2023

Finnøy Gear & Propeller har sikra ein avtale om leveransar om bord på to nye servicefartøy til Finnsnes Dykk og Anleggservice (FDA).

Leveransen inkluderer girkasser, spesialdesigna propellar og det nyaste av fjernstyringsteknologi. Verdien på kontrakten blir ikkje opplyst.

Nyutvikla båttype
Servicefartøya skal byggjast på Fitjar Mekaniske Verkstad og er ein nyutvikla båttype som FDA har kalla «Bjarkøyklassen»

Båtane blir 26,4 meter lange og 12,5 meter breie, og typenemninga er FMV W27M. Leveringa skal skje i april og august 2025.

Båtane er mellom anna budd for montering av bløggeanlegg, for å utføre slike tenester til oppdrettsbransjen. Om bord blir det også batteripakkar med ein kapasitet på kring 1450 kilowattimar.

Finnøy Gear & Propeller har hatt eit langt kundeforhold med FDA. Det siste oppdraget er kontrakt nummer 22 og 23 i rekka av leveransar på framdriftsløysingar til FDA frå Harøy-bedrifta.

Auka ordreinngang i år
Avtalen er berre ein av fleire ordrar som Finnøy har sikra seg i det siste.

Då NETT NO snakka med salssjef Arne Nogva i oktober opplyste han at bedrifta har auka ordreinngangen betydeleg i 2023, samanlikna med fjoråret

Han ville ikkje då spå om resultatet hamna på pluss- eller minussida i år. 2022 vart det første underskotsåret for den tradisjonsrike bedrifta på meir enn ti år.

Publisert: 23.11.2023 12:33

Sist oppdatert: 23.11.2023 12:40

Mer om