Fint for oss at Sunnmoere har mykje bra aa by paa
SKILNADAR: To av hotella til Knut Flakk hadde driftsmargin på 10 prosent eller meir i 2019, eitt gjekk i minus.
Nytt

– Fint for oss at Sunnmøre har mykje bra å by på

Flakk-hotella positivt overraska over sommarsesongen, men lønsemda for heile reiselivssatsinga var svak i fjor.

Marius Rosbach
12.07.2020

I årsberetningane frå 2019 til alle dei Flakk-eigde hotella datert i mai, står det opplista ein rekke tiltak som blei sett i verk i samband med koronautbrotet i vår.

Samtidig blir det påpeika at leiinga ventar at etterspurnaden blir påverka «midlertidig» og at aktiviteten berre vil gå ned «ein viss periode».

Så langt ser det ut til at spådommen er i ferd med å gå i oppfylling når det gjeld besøket frå dei norske feriegjestane.

– Vi er positivt overraska over kva vi har fått ut av den norske marknaden. Det er ingen tvil om at det er mangedobla samanlikna med tidlegare år, seier dagleg leiar Vebjørn Andersen i Flakk-selskapet 62° Nord til NETT NO.

Les også: Trur utlendingane kjem så fort dei kan

Les meir: Opnar for reise til og frå "grøne" land

– Ekstremt godt belegg
Flakk Gruppen eig hotella Hotel Union på Øye, Hotel Brosundet i Ålesund og Storfjord Hotel på Glomset.

Etter at det har vore tøffe tak under koronautbrotet med stengte hotell og permitterte tilsette, er det no langt meir å gjere.

– Ved Union Øye har vi ekstremt godt belegg og ei auke samanlikna med i fjor. Også ved Brosundet er vi veldig nøgd med besøk og romprisar. Det merkast i Ålesund sentrum at det er mykje reisande på besøk sjølv om det berre er nordmenn, fortel Vebjørn Andersen.

Snudde om marknadsføringa
– Storfjord er nok dei av våre hotell som er minst kjent, men det slår absolutt an, seier Andersen om besøket her.

Han fortel at dei snudde seg raskt rundt og starta marknadsføring mot den norske marknaden då koronakrisa slo til.

– Vi merkar godt at nordmenn ferierer meir i heimlandet i år. Då er det fint for oss at Sunnmøre har mykje bra å by på, påpeiker han.

Mindre lønnsemd i fjor
Flakk-hotella inkludert med 62° Nord-selskapet, auka omsetninga i fjor til 123 millionar – opp frå 110 millionar året før.

Drifta heldt seg i balanse, men lønnsemda gjekk ned eit hakk i 2019 frå 2018. Overskott før skatt for selskapa samla blei på magre 800.000 kroner (sjå resultat i tabell – under om du les på mobil).

Hotel Brosundet hadde ein driftsmargin i 2019 heilt oppe på 15 prosent, viser årsberetninga. Året i forvegen leverte hotellet sitt første plussresultat på fem år.

Samtidig blei det minusresultat i rekneskapen til Storfjord Hotel og 62 grader Nord-selskapet. Hotel Union Øye leverer igjen eit solid resultat, med ein driftsmargin på meir enn ti prosent, ifølgje årsberetninga.


Brosundet Hotel AS

Årsresultat (i mill kr)

2019

2018

Driftsinntekter

44,8

39,6

Driftsresultat

6,8

4,2

Res. før skatt

3,7

0,2

--

Storfjord Hotel AS

Årsresultat (i mill kr)

2019

2018

Driftsinntekter

29,1

25,7

Driftsresultat

-0,7

0,4

Res. før skatt

-2,2

-1,3

--

Hotel Union Øye

Årsresultat (i mill kr)

2019

2018

Driftsinntekter

15,8

15,7

Driftsresultat

1,6

2,5

Res. før skatt

0,8

1,9

62° Nord AS

Årsresultat (i mill kr)

2019

2018

Driftsinntekter

33,6

29,1

Driftsresultat

-1,1

0,5

Res. før skatt

-1,5

-0,1


Publisert: 12.07.2020 06:00

Sist oppdatert: 05.08.2021 17:43