Det er Skatt Midt som har begjært selskapet konkurs, etter ubetalte krav på moms og arbeidsgivaravgift på 1,1 millionar kroner.
- Vi skal i skifteretten mandag. Vi trudde vi skulle klare å løyse det, men det lukkast ikkje å skaffe tilstrekkeleg finansiering, seier eigar og dagleg leiar Bjørn Idar Lyngvær.
Han fryktar det mest sannsynleg utfallet i skifteretten er at det blir opna konkurs.
- Det er tungt, sier Lyngvær.
Til saman er det ni tilsette i selskapet, og Lyngvær planlegg å start eit nytt selskap etter ein eventuell konkurs, med utgangspunkt i avdelinga som driv med innreiing av næringsbygg, og vonar at alle dei ni tilsette kan vere med vidare.
Han anslår at selskapet har tapt oppdrag for 10-15 millionar kroner i året på grunn av at kaia ikkje kan brukast.
Fishtech monterer mellom anna utstyr på fiskebåtar, og har ikkje kunne tatt mot oppdrag ved eiga kai så lenge trålaren har ligge på botnen og sperra for bruk av kaia. Sjølv om fartyet no blir tømt for olje er det heilt i det uvisse om vraket blir fjerna.
- Vi har heile tida gått med ei forståing om at båten skulle kunne flyttast når den var tømt for olje, seier han.
- Vi skal i skifteretten mandag. Vi trudde vi skulle klare å løyse det, men det lukkast ikkje å skaffe tilstrekkeleg finansiering, seier eigar og dagleg leiar Bjørn Idar Lyngvær.
Han fryktar det mest sannsynleg utfallet i skifteretten er at det blir opna konkurs.
- Det er tungt, sier Lyngvær.
Ni tilsette
Fishtech har tre avdelingar, ei som driv monteringa utstyr på fiskebåtar, ei som driv med innreiing av næringmiddelindustri-bygg og ei som driv med sandblåsing og overflatebehandling.Til saman er det ni tilsette i selskapet, og Lyngvær planlegg å start eit nytt selskap etter ein eventuell konkurs, med utgangspunkt i avdelinga som driv med innreiing av næringsbygg, og vonar at alle dei ni tilsette kan vere med vidare.
Tap utan kai
Under Dagmar-orkanen i 2011 gjekk den russiske trålaren "Krasnoselsk" ned ved kai hos Fishtech i Hundeidvik. Denne veka kan eigar Bjørn Idar Lyngvær kikke ut at kontorvindauget sitt og sjå båten bli tømt for olje. Vraket har sperra for bruk av selskapet si kai i tre år, og det er ein viktig grunn til dei økonomiske vanskane, meiner Lyngvær.Han anslår at selskapet har tapt oppdrag for 10-15 millionar kroner i året på grunn av at kaia ikkje kan brukast.
Fishtech monterer mellom anna utstyr på fiskebåtar, og har ikkje kunne tatt mot oppdrag ved eiga kai så lenge trålaren har ligge på botnen og sperra for bruk av kaia. Sjølv om fartyet no blir tømt for olje er det heilt i det uvisse om vraket blir fjerna.
Trudde på fjerning
Fishtech investerte rundt tre millionar kroner i å utbetre kaia og bygge ein hall for sandblåsing i fjor. Det vart gjort i trua på at vraket skulle blir fjerna av styresmaktene, i følgje Lyngvær.- Vi har heile tida gått med ei forståing om at båten skulle kunne flyttast når den var tømt for olje, seier han.
Vi trudde vi skulle klare å løyse det, men det lukkast ikkje å skaffe tilstrekkleg finansiering
Publisert: 11.12.2014 11:05
Sist oppdatert: 26.04.2021 08:40