NPK: Fiskeridirektoratet vil skjerpe krava til fangst- og posisjonsrapportering for fiske- og fangstbåtar under 15 meter. Rundt seks tusen fartøy langs heile kysten vil bli omfatta av krava, og fiskarane føler dei avslører gode fiskeplassar.
– Forslaget inneber at alle fiske- og fangstfartøy må rapportere posisjonane sine når dei er ute og fiskar. Dei må også rapportere når dei går frå land, når dei har tenkt å gjennomføre fiskeriaktivitet, den daglege fangsten og fangsten dei har tenkt å levere til eit mottak, seier seksjonssjef Thord Monsen i Fiskeridirektoratets kontrollseksjon til .
Opplysningane skal hjelpe Havforskingsinstituttet med å kartleggje fiskebestandane, men er mest for å få betre kontroll på fisket og unngå ulovlege landingar av fisk.
Forskriftsendringa vil truleg føre til at fiskebåtane må skifte til eit nytt posisjonsverktøy som både sender signal heile tida og lagrar posisjonsdata internt. Det kan føre til at andre kan sjå posisjonen til båten.
Det reagerer fiskarane sterkt på.
– Eg syns det er uhøyrt! Ein del av fiskeriet er å gå på jakt. Då er det konkurranse og førstemann til mølla. Det er jo det som er gøy. Blir dette innført, kan jo alle sjå kvar eg jakter, seier makrellfiskar Jan Henry Nøstbakken frå Bømlo. Han vurderer å gi seg som fiskar dersom forslag går gjennom.
Det er Nærings- og fiskeridepartementet og fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) som skal avgjere om dei skjerpa rapporteringskrava skal innførast.

Publisert: 07.12.2020 16:16
Sist oppdatert: 07.04.2021 21:21