Fiskebaatkontrakt til Baatbygg
BYGGEKONTRAKT: Den nye fiskebåten Baatbygg-sjef Kjell-Inge Sjåstad og kollegaene skal bygge er utvikla av Skipskompetansen i Måløy.
Nytt

Fiskebåtkontrakt til Baatbygg

Skal byggje for australsk fiskebåtreiarlag.

07.09.2020
Baatbygg i Vågsøy skal byggje eit 66,9 meter langt og 15 meter breitt fiskefarty for Austral Fisheres. Skipet er teikna av skipsdesignselskapet Skipskompetanse i Måløy.
Farøtyet skal utrustast for å fiske med autoline, teiner og trål,
Skroget skal byggast i Polen og utrustast hos Baatbygg, med levering i april 2020.
Prisen på skipet er ikkje opplyst.

Kjenner kunden

Austral Fisheries er ein kunde som kjenner Baatbygg frå før.
"At Austral igjen har valgt Baatbygg som sin partner etter en rekke vellykkede ombyggingsprosjekt bekrefter vårt gode forhold og Baatbyggs posisjon som en troverdig leverandør og partner" siterer Fjordenes Tidende ei pressemelding frå administrerende direktør Kjell-Inge Sjåstad ved Baatbygg.

Reparasjon og vedlikehald

Baatbygg er eit verft som har spesialisert seg på vedlikehald, reparasjonar og ombyggingar, men som og kan ta nybyggingskontrakter.
I 2016 hadde verftet 223 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 12,8 millionar kroner.

Publisert: 07.09.2020 13:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22