Fiskebaat med skarp kritikk mot Equinor og havvind
HAVVIND: Hywind Tampen skal forsyne oljeplattformene Gullfaks og Snorre med straum.
Nytt

Fiskebåt med skarp kritikk mot Equinor og havvind

Havfiskarforeininga Fiskebåt meiner dei blir overkøyrde av havvindprosjektet Hywind Tampen.

04.12.2019
NPK: Fiskebåt er bekymra for fiskeinteressene i den vidare utbygginga av havvind i Noreg.
Det vart retta skarp kritikk mot havvindprosjektet Hywind Tampen under årsmøtet til havfiskarforeininga Fiskebåt sør tysdag. Fiskarforeininga er bekymra for fiskeriinteressene når havvind blir bygd ut, og meiner dei blir overkøyrde av Equinor, skriv .

- Mangel på handling

Fiskebåtreiar Helge O. Vikshåland meiner fisket vil bli vanskeleg dersom Hywind Tampen-prosjektet blir sett opp slik det er tenkt. Han har tidlegare gitt innspel til Equinor om å justere parken så han går langs med fiskelinjene og unngår konflikt, men seier han ikkje har vorte høyrd.
– Det er ikkje mangelen på dialog som er problemet, det er mangelen på handling, seier Vikshåland til sysla.no.
Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt meiner Equinor burde tatt kontakt tidlegare for å unngå konflikt. Fiskarane er no bekymra for den vidare utviklinga innan havvind etter erfaringa frå Tampen.

11 vindturbinar

Sebastian Bringsværd, direktør for Hywind-utviklinga i Equinor, seier at det var fleire omsyn som måtte bli tatt «i forhold til tilstøtende lisenser og i forhold til eksternaliteter», som gjorde at dei kom seinare i gang med dialogen med fiskeriinteressene enn dei skulle ønske. Han meiner det uansett ville vore vanskeleg å komme fiskarane fullt i møte.
– Dilemmaet her er at dersom vi skulle gjort dei endringane som var ønskeleg her så hadde det ikkje vorte noko prosjekt, seier Bringsværd.
Hywind Tampen vil bestå av 11 vindturbinar og er planlagt å ligge på fiskefeltet Tampen i Nordsjøen og forsyne oljeplattformene Gullfaks og Snorre med straum.
Olje- og gassplattformene blir dei første i verda som skal forsynast med kraft frå ein flytande havvindpark. Vindparken vil ligge om lag 140 kilometer frå land, mellom Snorre- og Gullfaks-plattformene, med havdjupn på 260 til 300 meter, skriv Equinor om prosjektet.

Publisert: 04.12.2019 09:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:46