Fiskebåt organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten, og er saman med Nord Fiskarlag og Sør-Norges Fiskarlang ein av tre organisasjonar under Norges Fiskarlag-paraplyen.
I morgon, tysdag 11. februar, startar Fiskebåt årsmøtet sitt i Oslo. Der står spørsmålet om utmelding av Norges Fiskarlag på dagsordenen. I dag har styret i Fiskebåt kome med si tilråding og den er at Fiskebåt i praksis skal vente til landsmøtet i Norges Fiskarlag til hausten, før Fiskebåt eventuelt bestemmer seg for å gå ut av Norges Fiskarlag.
Gav etter
Heilt til starten av februar i år låg det an til at Fiskebåt ville vedta utmelding av Norges Fiskarlag på årsmøtet sitt.
Fiskebåt har kravd at dei tre organisasjonane skulle vere likt representert i Norges Fiskarlag sine styrande organ. Nord Fiskarlag, som i dag har fleire representantar enn dei to andre sa nei til det kravet på sitt årsmøte i oktober i fjor. Nord Fiskarlag ville heller ikkje gå med på kravet om at Norges Fiskarlag skulle låse seg til at fordelinga av fiskekvotar mellom fartøy og fartøygrupper ikkje skulle endrast på utan minst to tredjeparts fleirtal.
Men etter at Sør-Norges Fiskarlag gjorde det klart at organisasjonen ikkje ville halde fram i Norges Fiskarlag med berre Nord Fiskarlag som partnar, kom Nord Fiskarlag på gli og kalla inn til ekstrordinært landsmøtet.
Der kom Nord Fiskarlag langt på veg Fiskebåt i møte.
Ikkje trygg
Fiskebåt-styret kjenner seg imidlertid ikkje heilt trygg på at Nord Fiskarlag "vil slutte seg til de endringer som et flertall i organisasjonen ønsker" , og listar i si tilråding opp ei presisering av vilkår for å bli.
Vilkåret er at "betingelsene fullt og helt, og uavhengig av andre prosesser, innfris. Konkret gjelder dette likeverdig representasjon, at ressursfordelingen skal bringes nærmest mulig Landsmøtevedtak 5/15 jfr. Landsstyrevedtak 1/25, og vedtektsfestede barrierer som sikrer at endringer i Landsstyrets og Landsmøtets anbefalte ressursfordeling ikke skal kunne vedtas med mindre mer enn 2/3 flertall støtter endringene. Årsmøtet vil be om at utmeldelse fremmes av Fiskebåt under Landsmøte i 2025, dersom ovennevnte vilkår ikke er innfridd."
Publisert: 10.02.2025 18:39
Sist oppdatert: 10.02.2025 18:39