Illustrasjonsfoto F Orsvaret
KORT VARSEL: Russland starta militærøving i Barentshavet på kort varsel. Fleire norske fiskebåtar forlet området.Illustrasjonsfoto: Forsvaret
Nytt

Fiskebåt åtvarar om russisk øving

Russland har sett i gang ei militærøvering nordaust i Barnetshavet. Sju norske fiskebåtar er i området.

16.05.2022

- Med tanke på korleis russarane opptrer i andre område, er det kanskje grunn til å vere uroa for tryggleiken til fartøy som vel å bli i området, seier Sturla Roald, avdelingsleiar i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt på organisasjonen si nettside.

Ifølge navigasjonsvarselet varer øvinga frå 14. mai kl. 21.00 til 18. mai kl. 21.00 skriv Fiskebåt.

Reagerer
Fiskebåt reagerer både på kort varsel og at øvinga skjer utan å ta omsyn til fisket som pågår.

Sju norske båtar er i området, men fleire er i ferd med å forlate øvingsområdet.

- Det er urovekkande at russarane nok ein gong vel å gjennomføre ei militær øving i norsk økonomisk sone på kort varsel, og utan at det blir tatt omsyn til pågåande fiskeriaktivitet, seier Roald.

Publisert: 16.05.2022 12:57

Sist oppdatert: 16.05.2022 13:06