Fiskeindustrien krev all fisk paa auksjon
RETT GIR PLIKT: Fagsjef Kristin Alnes i Sjømat Norge og Knut Haagensen i Jangaard Export vil ha all fisk ut på auksjon, slik at fiskeindustrien kan konkurrere om råstoffet på lik line med fiskebåtreiarane sine eigne tradingselskap og fiskemottak. Alnes la fram Sjømat Norge sitt syn på konferansen Ombordfryst i Ålesund i dag. 
Nytt

Fiskeindustrien krev all fisk på auksjon

Skal fiskebåtreiarane ha ein eksklusiv rett til å fiske, må dei også få ei plikt til å selge til alle.

10.01.2018
- Konkurransen om råstoffet må ikkje vere forutbestemt av at nokre allereie har fått ein rett til å fiske, seier fagsjef Kristin Alnes i Sjømat Norge.
Organisasjonen, som er ein del av NHO og organiserer fiskeindustrien i Noreg, er i full gang med det politiske arbeidet for å få regelendringar som skal sikre industrien tilgang til råstoff.

Taper terreng

For nokre år blei rundt 60 prosent av fisken lagt ut på auksjon. No er auksjonandelen nede i 44 prosent seier Knut Haagensen, leiar for Jangaard Export og medlem i Bransjegruppe Industri i Sjømat Norge.
Grunnen til utviklinga er mellom anna at fiskebåtreiarlag etablerer eigne tradingselskap og eigne anlegg for å ta i mot fisken. Resultatet er at det er blitt mindre fisk tilgjengleg i den opne marknaden, noko som ytterlegare vanskleg for industrien når kvotane er på veg ned.

Fiskarane må gjerne handtere fisken gjennom eigne anlegg og tradingselskap, men dei må gi alle høve til å by på fisken først. Vil fiskarane ta seg av fisken sjølve må deira eigne trading- elller fiskeanlegg betale best.

Stortingsmelding til våren

9. februar skal Haagensen og andre representantar frå Sjømat Norge møte fiskeriminister Per Sandberg. Der vil Sandberg få presenteret forslaget om å koble den eksklusive retten til å drive fiske med ei plikt til å legg all fisk ut på den opne marknaden.
Sjømat Norge sitt mål er få få sitt syn på korleis fisk skal gjerast tilgjengleg for alle inn i stortingsmeldinga om fiskeripoltikken som det er venta at regjeringa vil legge fram i haust.
Utgangspunktet for meldinga er framlegget frå det Eidesenutvalet, som i desember 2016 la fram sin rapport til Nærings- fiskeridepartementet og , mellom anna med framlegg om at det skal bli lov å samle større kvotar på færre båtar.

Publisert: 10.01.2018 14:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17